Når storpolitikk tar kvelartak

For ei veke sidan brukte me ordet katastrofe om dei varsla kutta i inntekter frå Kårstø-anlegget. Og det viser seg dessverre å vere nettopp det.

For når ein kjem lengre inn i diskusjonane rundt konsekvensane ser ein fort at dette handlar om meir enn reduksjonar i rekneskap og budsjett. Det handlar om til nå ukjente ringverknadar og konsekvensar.
Det som gjer dette ekstra vanskeleg er at me snakkar om nasjonal storpolitikk, kor det blir trekt inn visjonar og framtidsutsikter så langt og fjernt frå Tysvær, kor det nå må skje ei vanskeleg og tung politisk handsaming av dette. Tysdag prøvde ein engasjert ordførar å komme med ei oppdatering i eit møte med kommunestyrerepresentantane. Det er på ein måte ein kampklar og trygg ordførar som tar ordet og kjører på med konsekvensar og utfordringar som vil komme i kjølvatnet av forslaget til statsbudsjett. Men samstundes ser han trist og lei seg ut der han står og snakkar til dei folkevalte. For dette er beksvarte saker kor ein skal ha ei sterk lommelykt for å finne fram.
Akkurat nå bruker Lier dei «lommelyktene» som er. Nettverk og andre kommunar i same situasjon. Men dei jobbar mot overmakta på mange måtar. Sjølv er Lier i «feil» parti i denne saka. Han må få Høgre- og Frp-politikarar over på Tysvær si side. Han må balansere lokalpolitikk opp mot nasjonalpolitikk. Det er ein vanskeleg balansekunst.
I denne bekmørka er det eit ord som går igjen. Ringverknadar.
Tysvær kommune har i avtalen med staten gjort ein del investeringar, som eit samfunnsoppdrag basert på skatteinntekter frå Kårstø-anlegget. Dette vore nøkkelen til det Tysvær me kjenner igjen i dag. Det betyr vegkryss, idrettsanlegg, skular og barnehagar. Det er også tydelege spor etter desse millionane i helse og omsorg og kultur. Desse investeringane har gitt kommunen inntekter som er ein direkte ringverknad av Kårstø-millionane. Arbeidsplasser har gjort kommunen attraktiv også for folk utanfrå. Mange vil til Tysvær, ikkje på grunn av rikdom, men på grunn av at ein ser at dei ressursane kommunen har, er forvalta på ein god og framtidsretta måte.
Mykje av dette blir nå i verste fall rasert. Staten tar tilbake det dei gav til kommunane som fekk inntekter frå slike etableringar. Nå må kommunane ut og hente dei pengane i andre skattar.

Den siste veka har ikkje gitt oss mange nye forhåpningar, og skyene over kommunen er svartare enn på lenge. Storpolitikk er vanskeleg å forstå for mannen i gata.
Og som eg skreiv for ei veke sidan. Dette må nokon betale for. Det kan fort bli meg og deg.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør