Fantastisk resultat igjen for elevane på NBU. Sluttsummen kjem til å ligge rundt 50.000 kroner.
Nytt tak på barneheimen var det som stod øverst på ynskjelista, og det kan dei nå få takka våre elevar og sponsorar. Eldsjel Kjell Mangor Sevland kom til skulen og informerte om Abrac, og var i etterkant med elevane og jogga.
Joker Hinderåvåg sponsa elevane med Smoothie, noko som var stor stas og viste seg å vera ei god energikjelde.
Kvart år hedrar skulen den eleven som har jogga lengst med ein «Gullskoplakat». Det som var utruleg kjekt i år var at 4 elevar jogga i lag og hadde bestemt seg får å ta rekorden, dei jogga heile 30 km kvar. Gratulera til dei, Emil, Tamas, Ruben og Linn Kristin.