Ventetida er verst

Denne veka har me fleire saker som handlar om å vente. Vente på at det offentlege skal gjere dei endelege val, og at ting som ein har venta på skal bli realisert.

av Alf-Einar Kvalavåg

For kort tid sidan blei Tysvær kommune meldt til politiet for utslepp i den utsette Grindafjorden. Alvorleg sjølvsagt, og noko dei umiddelbart må, og har tatt tak i. Og det viser seg at det handlar om å vente på at det nye vass- og avløpssystemet i kommunen skal blir ferdig. Dette har kosta mange millionar kroner og har vore under utvikling i fleire år. Når det ein gong står ferdig, har kommunen eit tipp-topp moderne anlegg, som er skikka til å møte krava i mange år framover.
Men for dei som bur innerst i Grindafjorden fortonar ventetida seg som lang. Utstyret på pumpestasjonen like ved Stemnestaden klarar ikkje å ta unna det som kjem inn. Det betyr at deler av det som ikkje skulle hamne i fjorden, gjer nettopp det. Botnforholda blir så dårlege at alt liv forsvinn. Der det tidlegare var tang og tare, fisk og krabbe er nå som eit gjørmebad.
Trøysta får vere at det nå nærmar seg ei løysing også for Grinde.
Andre som ventar er dei som har behov for ein av dei såkalla «Rusbustadane» i Aksdal. Der er det også ein motpart som ventar. Nemleg dei som ikkje er nøgd med plasseringa like ved Aksdalsvatnet. I budsjettforslaget til rådmannen ser det ut som om dette på nytt kan bli utsett. Det er vel ikkje å ta hardt i når ein tippar på ubestemt tid.
Dette er ei klassisk sak. Eit omsorgstilbod ein ikkje heilt veit korleis ein skal «ta i» politisk. Dette er vanskeleg, men det blir ikkje mykje betre av å skape ei ny ventetid. Me har følgt denne saka lenge nå, og det er vanskeleg å sjå ei endeleg avgjersle på dette.
Venting har det også vore på ein del av skulane i kommunen. Forfall er berre eit vagt uttrykk for korleis det har vore i ein del av bygningane me sender elevar og tilsette til.
Difor er det me glede me kan presentere ein heilt ny innmat på skulen i Tysværvåg. Lyse, lette og motiverande rom. Både for elevane, og for dei tilsette. Ventetida har vore vanskeleg, men då gjer det ekstra godt når det heile er ferdig.
Nå står fleire skular for tur. Tolmod er ein kunst, ein kunst dei er godt vant til i skulen.
Lista over dei som nå ventar på noko godt i Tysvær er lang. Sykkelvegar, idrettshall, kunstgrasbane, leikeområder, bustadtomter, båtplassar, sentrumsutvikling, landsbyar og omsorgsbustadar er berre nokre av punkta me har merka oss dei siste vekene.
I eit samfunn der me er så heldige å blir styrt av demokrati, bør me har ein terskel som er rimeleg høg når det gjeld å vente. Men av og til bli ventetida unødvendig lang. For lang.

Og snart går me alle inn i ventetida advent. Det er med forskjellig tilnærming det også.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør