Bilberging ved Mjåsund natt til måndag

Vegtrafikksentralen Vest melder at det i tidsrommet 00.30-03.00 natt til måndag vil vere sterkt redusert framkomst og til dels stengt grunna berging av eit vogntog som står ved E39 ved Mjåsund bru.

Vogntoget og ein personbil skal ha sneia borti kvarandre i 08.30-tida søndag morgon, utan at det skal ha oppstått større skade, skriv Haugesunds Avis.