Eit steg vidare på Frakkagjerd

Denne veka blir det laga politiske dokument som gjer at Stegaberg IL får nytt kunstdekke på stadion, og ein 9-erbane på deler av grusbanen.

Samstundes blir det gjort klart for ein skatepark/betongbane i same område.
For mange lokalpolitikarar er dette ei gåve på lik line med gåva det er til klubben. Eg kjenner fleire lokalpolitikarar som nå var utslitt av å måtte kjempe for at barn og unge i ytre delar av kommunen skulle få betre treningsareal.
Som me har kommentert før er dette ei prinsippsak mykje viktigare enn at Stegaberg får fleire kvadratmeter med kunstgras. Dette handlar om kor vanskeleg det er å være amatørpolitikar i eit spel om ressursar og forventningar. Det som utanfor kommunestyresal og grupperom er soleklart, er ikkje det same når ein sit rundt bordet og må ta og gi. Dette har politikarar fått smerteleg erfare tidlegare, og tru meg – det skjer igjen.
Nå kan ein godt konkludere med, om dette blir formelt vedteke i kommunestyret før jul, at ein har «rodd» det i land på ein akseptabel måte. Både for Stegaberg IL og i det politiske Tysvær. Og det har ikkje vore så lett som ein kanskje skulle tru.
Bakteppet er nemleg mykje større og umåla enn det folk flest kanskje går og tenker på når dei tuslar rundt på Frakkagjerd. Dette er eit pressområde som Tysvær kommune ikkje har hatt kontroll på, og som dei nå må betale konsekvensane for. Her er det blitt fylt på med barnehagar, skular, idrettsanlegg, og stadig fleire bustadar. Alt dette til glede for svært mange. Men dei langsiktige planane som skulle sikre både veg og gode arealløysingar har latt vente på seg.
Personleg var eg med Arbeidarpartiet og SV på synfaring på Frakkagjerd då eg starta i jobben min i Bygdebladet for omlag ti år sidan. Den uroa for framtidas Frakkagjerd som då kom frå mellom anna Anita Halsnes, delte eg 100 prosent. Ho og fleire meinte at ein måtte begynne i den enden av planlegginga, som me i dag i etterpåklokskap ser dei ikkje valte. Infrastruktur er og var eit nøkkelord. Ting har komme, og det i rikt monn, men i feil rekkefølge vil mange meine.
Så når det om kort tid står gravemaskinar på Frakkagjerd stadion og finn gamle utslitte røyr og skiftar ut desse, samstundes som det blir lagt kunstdekke, så er det eit langt steg i rett retning for heile området.
Så får ein halde farten oppe på reguleringsarbeidet med Frakkagjerd. Det dukkar opp stadig nye fargelagte kart med gode løysingar for kryss, veg og sykkelvegar. Nå er også eit stort område vest for skulen frigjort.
Det er mange som heiar på Stegaberg, men det er langt fleire som heiar på Frakkagjerd. Og tolmodet deira er sett under eit langt og vedvarande press.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør