Nei til pol, nok ein gong

Vinmonopolet skal etablere seg i sju nye butikkar i løpet av neste år. Tysvær er ikkje ein av dei stadene kor det skjer. Ikkje denne gongen heller.

Det er fleire sider ved denne saka som gjer at folk engasjerer seg. Me har snakka om det før i våre spalter, men litt synsing kan vere på sin plass også i år.
Eg har lese meg opp på kva stader som har fått polutsal denne gongen. Eit lite fellestrekk med dei stadene som ikkje er byar, er at dei har lukkast med turisme, hyttebygging og etablering av eit sentrum.
Nesna i Nordland er ein slik stad. Eg og fleire tysværbuar med meg har gått på lærarskulen der, eller på Høgskulen i Nordland som det heiter på fint. Men fint var det ikkje der på 90-talet, om ein ser vekk frå storslått natur.
Men fint er det blitt. Frå sidelinja har eg følgt med på etableringa av det som liknar eit moderne lite kjøpesenter, utviklinga av ein av landets finaste og mest populære campingplassar, og ein kommune som har tatt eit felles løft innan bustad- og hyttebygging.
Nesna er ein kommune av ein storleik som gjer at den må reknast som ein parentes i det store kommunebilete me har i landet, men dei har lukkast der andre ikkje har.
Og ser ein på Tysvær med dei same augo så slår det mot oss igjen. Det er lite nytt å skrive lange brev om. Rett nok har me dei siste åra merka ein vekst innan turisme, og campingplassane våre begynner å få ein høg standard. Men utviklinga av Aksdal har enno ikkje komme for fullt, og det har nok styret i Vinmonopolet også merka seg. På sine visittar i Aksdal Senter har dei sett det same som alle oss andre. Der er det bokstavelegtalt ventetid.
Me er blitt lova pol, men ikkje kva tid. Eg trur nøkkelen til ei etablering ligg i om det nå verkeleg er sant at det skal skipast eit nytt AS, og blir lagt planar for eit nytt senter i Aksdal. Skjer det trur eg Aksdal, og Tysvær, rimeleg raskt dukkar opp på lista over nyetableringar.
Pluss ved eit pol er sjølvsagt meir handel i vår eigen kommune. Ein del nyttar seg av polet si netteneste, men det gir ikkje dei same ringverknadane i senteret som ein ønsker. Å hente ei eske i post i butikk er ikkje det same som å vere på handel. Det har dei merka på Oasen i Karmøy kommune.
Så skal me sjølvsagt også lytte til dei som ikkje vil ha pol av andre grunnar. Dei har også ei sak, men det toget trur eg er gått. For Tysvær kommune har søkt, har ønska seg sterkt og vil kjempe for eit vinmonopol.
Spørsmålet er som vanleg; Kva tid?

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør