4-åringane i Tysværvåg barnehage var dei heldige som fekk sjå kva ein kan få ut av ei bokgåve til 10.000 kroner. Det var mykje kjekt.

Knut Harald Nesse frå Mållaget fekk god hjelp til å opne dei flotte bokkassane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eventyrlig gåvestund i «Nordlys»

4-åringane i Tysværvåg barnehage var dei heldige som fekk sjå kva ein kan få ut av ei bokgåve til 10.000 kroner. Det var mykje kjekt.

av Alf-Einar Kvalavåg

Tysvær Mållag har gitt 10.000 kroner til biblioteket i Aksdal med mål om at nynorskbøker skal hamne i bokkassane dei lager og bli kjørt ut til barnehagane i Tysvær. Og skal ein tolke stemninga i avdelinga «Nordlys» i Tysværvåg, er dette eit svært populært tilbod. Den nynorske «leseglederen» Solgunn Liestøl fekk dei aller fleste små og store med seg då ho leste frå ei av dei mest spennande bøkene, «Jon og den lange julenatta». Etterpå var det snorklipp.
– Eg er med i eit prosjekt der eg reiser rundt og les for ungar. Til dagleg jobbar eg i skulen i Vikedal og må få lov til å sei at det er fantastisk at det blir gitt ei så stor bokgåve frå mållaget. Det er ikkje til å legge under ein stol at det er dårleg med nynorsktilbod rundt om i lesekrokane, seier Liestøl.

Viktig
Knut Harald Nesse representerte givaren under seansen på tysdag ettermiddag. Han var både glad og nøgd med at gåva nå var i bruk.
– Me håper at barna på denne måten får sjå kva kvalitet det er også i nynorske bøker. Dette er eit ønske om at stadig fleire skal få gode leseerfaringar. Me veit at det har vore litt vanskeleg å få tak i gode nynorskbøker, men håper nå at dette kan vere med på å gjere det enklare for biblioteket å gjere innkjøp, seier Nesse.
– Dette er ei gåve som skal nyttast til å variere å betre innhaldet i bokkassane våre. Dei har vore ein suksess, og nå er me sikre på at dei blir endå meir brukt rundt omkring. Å finne gode nynorskbøker har ikkje vore så lett, men me ser at stadig fleire forlag nå gir ut barnebøker også på nynorsk, seier bibliotekleiar Lillian Rushfeldt.
Den som har ansvaret for bokkassane er Hege Marie Naley Paulsen. Ho er også svært godt nøgd med gåva.
– Det gir oss mulegheiter til å kjøpe inn rundt 50 nye bøker som me kan ta med rundt i barnehagar og i skulen. Eg trur faktisk me er like glade som ungane. Me ser at stadig fleire vaksne nå les for ungane sine igjen. Mykje av æra for det skal barnehagen og skulen ha. I tillegg trener me opp ungane til å bruke biblioteket. Og det liker me, smiler Naley Paulsen.

– Takk
Det var god stemning både under lesestunda og opninga av bokkassen. I det bandet var klippa av, var det kamp om bøkene.
– For oss er dette viktig, og som ein ser så kastar ungane seg over bøkene. I barnehagane blir det prioritert å lese høgt for ungane, det står i dei planane me følger at dette skal me bruke tid på. Så at det er eit samarbeid mellom barnehagen og biblioteket er flott. Me vil sjølvsagt henge oss på å seie takk til mållaget for denne gåva, seier styrar Anne Stine Askeland Gjerde.
John-Fredrik Rognsvaag representerte kommunen under opninga og er som Askeland Gjerde glad for at mållaget nyttar seg av sine kontaktar for å styrke innhaldet i bokkassen.
– Lesing og teikningar i desse bøkene vil gi desse ungane mykje kunnskap dei kan ta med seg vidare. Me trur at det å ha fokus på dette, samstundes som ein oppfordrar alle dei heime til å vere med å lese, vil gi oss ein gevinst også på litt lengre sikt. Og alle skjønar at dette er noko dei vil ha. Sjå berre korleis dei nå koser seg og viser kvarandre kva dei har funne i bøkene, seier Rognsvaag.
Og med nye bøker på plass var det ikkje lett å få ungane til å gjere så mykje anna denne ettermiddagen. Og med kuling og kraftig regn på utsida, så skjønar me dei godt.

Kjøp avisa her