La oss brette opp ermene saman!

Arvid Stokkenes skriv i sist TB at kommunen sitt leiarskap ikkje syner leiing. I overskrifter er det skrive Katastrofe for kommunen – i beste fall kan vil det nok opplevast katastrofalt når kommunen skal spare inn 80 mill innan 7 år.

- Lesarinnegg

Arvid Stokkenes skriv i sist TB at kommunen sitt leiarskap ikkje syner leiing. I overskrifter er det skrive Katastrofe for kommunen – i beste fall kan vil det nok opplevast katastrofalt når kommunen skal spare inn 80 mill innan 7 år. Dette vil kome i tillegg til den innsparingspakken som allereie er bestemt og som ligg i budsjettforslaget som vil få fleirtal i kommunestyret 12.desember.

Det er lett å vera etterpåklok og ein les at Stokkenes er nettopp det når han seier korleis kommunen heller skulle nytta dei ekstra inntektene som Kårstøanlegga har gitt. Stokkenes var som kjent lenge med i politikken og forvalta desse. Sidan 2008 har kommunen drive målretta innsparing.

Formannskapet har samla seg om eit felles budsjettforslag der berre eit parti valde å stå utanfor. Fleirtalsframlegget som vil få fleirtal i kommunestyret syner ei framoverlendt politisk leiing med gruppeleiarar og ordførar i spissen. Om det vil vera katastrofalt eller ikkje når skular kanskje må leggjast ned, sjukeheimar likeså. Når tenestetilbod vert redusert. Når tilsette kanskje i verste fall må seiast opp? Det er dette som kanskje vil vera resultatet av at kommunen nå misser inntektene sine. Om det er katastofalt? Det må den enkelte vurdere som står midt oppi det.

Ordføraren er likevel glad for Stokkenes sin positive vilje til å endre kommunen. Skal me klare det må me gjere strukturendringar og nedbemanning. Om lag 75% av budsjettet til kommunen går til lønn. Endring må til og kommunen må stå samla i dette arbeidet. Formannskapet startar sitt arbeid tidleg i januar og veit at dei treng heiarop for dette arbeidet frå både Stokkenes og mange andre.

Sigmund Lier, ordførar

Kjøp avisa her