Rett og slett imponerande

5. desember var den internasjonale frivilligheitsdagen. Den blei også markert i Tysvær. Og det er på sin plass at det frivillige arbeidet blir hylla.

av Alf-Einar Kvalavåg

Over 80 personar møtte til eit arrangement i Tysværtunet. Det var folk frå alle bygder og tettstadar i kommunen. Unge og eldre, kvinner og menn. Med eit felles mål, nemleg å gjere kvardagen betre både for seg sjølv, men ikkje minst for mange andre.
Og dette er toppen av isfjellet, eller kransekaka må ein vel kunne seie her. For det finst også mange fleire. Menneske som dagleg sørger for at andre får ein meiningsfull kvardag, som stiller opp der det trengst, utan betaling eller krav.
Noreg er bygd på dugnad og det frivillige arbeidet har alltid hatt ei viktig rolle i denne bygginga. Lag og foreiningar er gode døme på dette. I eit stort idrettslag kan ein finne over 100 personar som gir av fritida si, for at barn og unge skal ha eit tilbod. Kulturlivet har det same. Kristenlivet også. Røde Kors og liknande organisasjonar har også blitt bygd på same måte.
I tillegg har me alle dei andre frivillige. Dei som melder seg hos frivilligsentralen, eller som på eige initiativ tar kontakt med institusjonar og liknande, og tilbyr sine tenester. Dei har eit gen i seg som gjer at det er like godt å gjere noko for andre og fellesskapet, som for seg sjølv. Me i avisa treff stadig på dei, og ser at dei er eit lim som held samfunnet saman, samstundes som dei er ei olje som gjer at hjula går lettar rundt. Det er imponerande og det gjer at me av og til får dårleg samvit for det me sjølv held på med.
Og det er ikkje alltid det skal så mykje til. Det kan vere å hjelpe nokon med å handle, gå tur eller vere instruktør på ei trening. Det kan vere å skape ein møteplass utanom det tilbodet som allereie er, men som ofte ikkje passar for alle. Dei finn mulegheiter til å inkludere, sjølv i dei vanskeligaste situasjonar.
Eg trur at me i framtida vil ha minst like sterkt behov for dei frivillige som det me har i 2017. Eg trur tilbodet vil utvikle seg, og ein vil sjå at verdien desse menneska skapar, stadig vil vere sterkare og viktigare i det samfunnet me har rundt oss.
Av og til blir dei hylla og får fortent merksemd. Men eg trur ikkje det er det viktigaste og det som driv dei. Likevel vil eg at alle dokker som i 2017 har stått på, vore kreative og stilt opp for oss alle, skal veta at me set utruleg pris på det. Og då takkar eg på vegne av mange.
Stå på, vis styrke og omsorg. Tysværbuen treng det garantert også i 2018.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør

Kjøp avisa her