Crazy Gang imponerte førre gong dei hadde lunsjkonsert. 
Foto: Mona Terjesen
Crazy Gang imponerte førre gong dei hadde lunsjkonsert.

Klart for julelunsj med Crazy Gang klokka 11.30

Kulissane står Vebjørn Sand for. Grauten tar kafeen seg av. Musikken serverer Crazy Gang.

Årets julelunsj i dag fredag klokka 11.30, blir heilt fantastisk. Det kan me love på førehand. For når nokre av dei mest talentfulle musikantane i Førre musikkorps kjem for å spele dei finaste julesongane på blåseinstrument, ja då kan me garantere julestemning i foajeen på kulturhuset.
Sidan Galleri Sand har stor kunstutstilling samstundes, blir det heller ikkje mangel på kulissar.
Har du tid bør du sette av ein times tid i morgon. I kafeen kan ein kjøpe seg graut, så kan ein ta seg ein runde og kikke på bileta, før Crazy Gang speler lunsjkonsert.
På spelelista står songar som garantert vil falle i smak. Brass og julesongar er den perfekte match.

God jul
Er me skikkeleg heldige dukkar det også opp smånissar med ei lita overrasking. Det har dei lova oss, men kan me eigentleg stole på nissane? Kom så får du sjå.
Skulle musikken falle i skikkeleg god smak har ein samstundes mulegheiter til å få meir julemusikk. For om kvelden skal Crazy Gang og heile Førre Musikkorps halde sin tradisjonelle julekonsert i storsalen.
Julelunsjen er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Til våren kan me lokke med ikkje mindre enn fem nye lunsjkonsertar. Fram til då, så ønskjer lunsjarrangørane alle trufaste og nye lunsjvenner, alle ei riktig god jul