– Få opp flagget

Tysvær kommune skal bruke nær 90 millionar kroner på dei innbyggarane i kommunen som treng det aller mest. Dei som treng eit bustadtilbod med god dekning av hjelperar og hjelpemiddel, for å få ein verdig kvardag.

Dei har venta lenge, og dei har ofte venta forgjeves. Men nå er ventetida over. Gravemaskinane på Stølsberg og på Stegaberg har starta arbeidet. Grunnmurar reiser seg, og om eit drygt år kan dei flytte inn.
I ei tid kor det skal sparast kan det kanskje høyrast rart ut å bruke titals millionar på slikt. Men dette er den rette måten å spare pengar i kommuneøkonomien på. Ein tar vekk det gamle og ulønsame og oppgraderer bygg og fasilitetar slik at driftsutgifter stuper når tilbodet er ferdig utbygd. Dette er den offensive måten å drive ein kommune på, og det skulle berre mangle at ikkje Tysvær er i den klassen.
Vegen har vore lang og utfordrande. Mange hugsar draumen om Hamrane 2. Om teikningar og planar som skulle gi dei som trengte det aller mest ein god stad å bu på Frakkagjerd. Me hugsar politikarar som gjekk til val og lova at nå skulle det bli fart på sakene. Dei gjekk på den eine smellen etter den andre. På den andre sida av bordet sat pårørande, brukarar og tilsette og ikkje visste kva dei skulle tru på til slutt.
Men denne gongen gav ikkje politikarane opp. Ikkje alle i alle fall. For nokre sto framleis rakrygga og gjorde sitt krav på at dette ikkje kunne leggast vekk. Dei støtta administrasjonen som jobba hardt og intenst med å halde ballen i spel, for å bruke eit uttrykk frå idretten. Dei ville vinne kampen.
Og nå er dei der. Summen er høg, men dette handlar ikkje om pengar i det heile tatt. Dette er eit tilbod ein ikkje kan skubbe framfor seg lengre. Her var ein nøydt til å gjere grep. Og dei grepa me ser nå er fantastiske. Det er kanskje det beste kommunale løftet eg har sett dei ti åra eg har jobba i bygdebladet. Og eg har sett ein del. Barneskule og idrettshall. Nye banar og bustadfelt. Men alt blir eigentleg parentesar når ein sett det opp mot dei brukargruppene som nå får eit løft. Dette er innbyggarar som ikkje sjølve kan ta kampen, men som gjennom oppofrande pårørande, dyktige tilsette i kommunen og framtidstenkande politikarar nå endeleg har vunne.
Det stoppar ikkje her. Både rådmann og ordførar har fortalt om kva dei tenkjer om den vidare satsinga i dette fagområdet. Om entusiasmen som er i helse og omsorgstenesta, frå golvet til toppleiinga. Om betre utnytting av areal og ressursar i framtida. Om å sette menneske i fokus, og samstundes få ein økonomisk gevinst ut av det.
Det handlar om menneskeverd på mange måtar i dei to prosjekta som nå reiser seg mot vinterhimmelen. Om respekt for dei som skal bu der, deira næraste og ikkje minst dei som skal jobbe der.
Det er berre å gratulere alle som har vore med å kjempa denne lange kampen. Det er på slike dagar ein bør heise flagg, både på rådhuset og i dei tusen «tysværheimane».

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør