Ein får håpe at det blir nettopp det for alle våre leserar og abonnentar.
I dei siste avisene før jul får me uvanleg mange tips og innspel om personar, lag foreiningar eller verksemder som bør få skryt for å stille opp og gjere ein jobb for å utjamne urettferdigheita som er i samfunnet. Som bruker av si tid i advent til å gjere andre glad. Som stiller opp der det trengst mest, og gjer ein skilnad.
Vårt bidrag er å hylle eit par av desse ved å dele ut ein juleengel. Då får me høyre historier om kvifor akkurat dei bruker så mykje av si eiga tid til beste for andre. Og ein gjengangar er at dei synest at andre burde få engelen.
Det er vel det som skil en del av innbyggarane våre frå andre. Dei gjer ein formidabel jobb, på sin måte og ofte i det stille, og ønsker ikkje så mykje styr rundt det.
Eg er som redaktør i lokalavisa imponert over alle som ser dei som på mange måtar fell litt utanfor det etablerte samfunnet.
2017 har vore eit hektisk år i Tysvær, med mykje spennande på agendaen i dei aller fleste av våre bygder. Like etter nyttår vil ordføraren i si nyttårsmottaking mimre om dette året, og samstundes prøve å sjå inn i 2018.
Når me nå dei neste dagane skal tenne våre lykter, benke oss rundt både bord og juletre vil nok diskusjonane om det framtidige Tysvær få sin rettmessige plass. Det kjem til å komme eit skilje frå det Tysvær me har i dag, og inn i eit heilt nytt. Om det skjer neste år er usikkert, men at det skjer snart får me stadig påminningar om.
I leiaren før jul bruker eg å minne folk om å besøke sine kjære og næraste, som kanskje ikkje får så mange besøk som dei burde i ei travel tid. Det er ingenting som tyder på at det rådet er utgått på dato. Eit kort besøk kan gjere ein stor skilnad for dei som får besøk.
Med det rådet vil Irene, Gro, Mona, Ingvild, Anne Marie og Alf-Einar i Tysvær Bygdeblad ønske alle sine leserar ei riktig god jul, og eit godt nytt år.
I romjula er kontoret vårt berre delvis bemanna, men det er alltid muleg å nå oss via e-post.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør