Sjekk om du får nye tømmedagar
Behalderane for emballasje av glas og metall vil bli tømt kvar 8. veke. Behaldarane for rest- og matavfall vil framleis bli tømt kvar 2. veke, og papiravfall og plastemballasje blir henta kvar 4. veke.
Ruteomlegginga vil føre til at ein del abonnentar får lengre tømmeintervall mellom siste tømming i 2017 og første tømming i 2018. På første tømmedag i 2018 kan dei abonnentane dette gjeld sette fram ein ekstra sekk/pose med restavfall eller ei eske med papiravfall, opplyser HIM.
For å få oversikt over dei nye tømmedagane kan ein bruke HIM sine nettsider, der ein kan skrive inn adressa si og sjå dei nye tømmedagane sine for 2018. Dei som har smartelefon kan ein laste ned HIM sin app, som varslar om tømming dagen før. Grunna miljøomsyn slutta HIM i 2016 å sende ut trykt kalender.
– Den nye henteordninga er innført for å auke servicen og for å gjere det lettare for deg å sortere eige avfall. Dette er i tråd med norske og Europeiske krav om auka sortering og materialgjenvinning. HIM håpar alle sluttar opp om kildesorteringsordningane slik at me kan sende avfallet vidare som nye råvare. Dette er med på å verne om miljøet og bidrar også til å halde renovasjonsavgifta nede, skriv HIM i ei pressemelding.
Fjernar glasigloar
Samstundes som HIM har levert ut dei nye behaldarane emballasje av glas og metall, blir dei gamle glasigloane fjerna.
HIM reknar med at behaldarane vil vere store nok for dei aller fleste, men opplyser at det vil bli høve til å bestille større behaldar mot tilleggskostnad. Om behaldaren skulle bli full vil det på første tømming over nyttår bli gitt høve til å sette fram ekstra emballasje av glas og metall.
De nye behaldarane har lås og «lokk-i-lokk» for å hindre feil bruk.
– Det er kun emballasje av glas og metall som skal kastast i desse. Det skaper problem i gjenvinningsprosessen dersom eldfaste former, porselen, steintøy og drikkeglas blir kasta her. Slikt avfall skal bli levert i restavfallsbehaldaren. Gryter, panner og anna metall må leverast til eit av våre betente mottaksanlegg, opplyser HIM.
Det er personell ved Vepro og Avdeling for arbeid og inkludering i Tysvær kommune som har stått for montering og utlevering av dei omlag 20.000 behaldarane for emballasje av glas og metall.
– HIM er svært godt nøgde med måten jobben er utført på, skriv dei i pressemeldinga.