Falkeid IL sin tur?

Falkeid IL har over ei tid vist oss skisser av ein ny idrettshall på Troppene. Ein hall som har hatt ein vanskeleg veg frå teiknebrettet til å bli realisert.

Ikkje uvanleg det, men her har det vore sterke krefter i sving på begge sider av bordet.
Nå ser det endeleg ut som om søre-Tysvær skal få si storstove. Ikkje ved skulen, slik mange ville, men der den bør ligge ved idrettsanlegget, som gjennom åra er bygget opp bit for bit.
Og kvifor er det rett at hallen blir ein del av idrettslaget, og ikkje skulen?
Det er det fleire grunnar til, men dei to grunnane som skil seg mest ut, slik eg ser det, er den vidare utviklinga av tilbodet i klubben, og den rolla lag og foreiningar vil få i framtidas fritid for barn og unge.
Falkeid IL er ein av dei mest spennande idrettslaga på Haugalandet. Mest fordi dei har vist seg fram som ein svært proff klubb, langt frå by og maktsentrum. Dei har stein for stein bygd opp ein klubb som godt tåler å måle seg mot dei største. Dei sparer pengar til det dei vil bygge, og når spaden blir satt i jorda stiller bygdene opp. Det går ei historie om dugnadsiveren rundt bygginga av kunstgrasbanen som viser dette. Ei stund var det så mange så møtte opp, med traktor og andre reiskap, at ein faktisk måtte be dei gå heim. Nå må alle desse, og fleire til, kjenne dugnadsånda rive i seg igjen, og stille opp.
Skulen har vore det som er blitt mest diskutert i det opne rom så langt. Ein del av det politiske Tysvær har prøvd å få Falkeid IL med på eit spleiselag for å få hallen knytt tettare til skulebygget. Dei to-tre kilometrane som er mellom dei to institusjonane i bygda vil nå gjere det meir upraktisk for skulen å nytte seg av hallen. Men snur ein på det ville det vore mykje vanskelegare for klubben å skape eit miljø både på Troppene, og ved skulen som hadde vore samlande. Det er eit val som ikkje kunne ende med anna enn eit klart JA til Troppene frå FIL.
Og det er eit ja ein skal lytte litt til. Målet med hallen er å gi alle i bygdene i søre-Tysvær ein eller annen form for aktivitet. Her er det ikkje snakk om topping av lag eller elitesatsing. Det er rett og slett snakk om breiddeidrett i idrettens beste ånd. At alle skal kunne gjere eit eller anna positivt under fana til klubben. At hallen, klubbhuset, banen, og ikkje minst padleklubben, saman med eldsjelane i FIL, skal skape eit knutepunkt for leik og idrett.
For me ser ein tendens i samfunnet, lag og foreiningar tar over meir og meir av aktivitetane til barna våre. Det same gjer skulen. Når ein ønsker ei aktiv fritid er lag og foreiningar ofte det første ein tyr til. Og det med god grunn. Tysvær har, og vil i all framtid ha, eit fantastisk tilbod til barn og unge. Og det innan det meste. Om du har lyst til å synge, binde fluer, spele handball eller fotball. Om målet er å vinne Kongepokal eller berre ha noko å gjere på.
Då treng ein treffstader som Troppene idrettsenter. Det er å ønske lukke til i 2018, ikkje berre til Falkeid IL, men til alle dei som driv fritidstilbod i Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør