Tysværdagen er eit samarbeid mellom Tysvær kommune, Tysvær næringsforum, Tysvær Arena Drift og Tysvær Bygdeblad, der målet er å vise mangfaldet og «Det gode liv» i Tysvær.
– Eg trur at det blir ein veldig kjekk dag, og eit arrangement det blir kjekt å vere ein del av. Eg håper den kan spegle ei slags stoltheit over kommunen me bur i, og vise kva Tysvær har å by på. Både for dei som alt bur her, og dei som kjem utanfrå, seier dagleg leiar i Tysvær Arena Drift, Margareth Kristiansen.
God arena
I år som i fjor blir utstillerane delt inn i geografiske «verder». Inndelinga er litt annleis enn i fjor, men også denne gongen har bygdene i kommunen kvar si verd, der dei kan vise fram kva som rører seg der dei bur. Tysvær Kommune er også godt representert, og her vil du blant anna kunne få god informasjon om kva som skal skje i kommunen framover, og stille spørsmål om dei ulike tenestetilboda. Målet er ein god arena for innbyggarane og kommunen å treffast.
I fjor inviterte rundt 80 stands til aktivitetar, mykje fint å sjå på, eller ein god drøs.
Mange av dei besøkande meinte at dei utan tvil hadde lært noko nytt om kva som rører seg i Tysvær då dei gjekk heim frå Tysværdagen.
I år er det førebels rett under 50 påmeldte til stands. Trass i at påmeldinga er gått ut, tar arrangørane gjerne imot fleire påmeldingar.
– Me held påmeldinga open, og håper at fleire kan hive seg på, seier Kristiansen.
Ho meiner at Tysværdagen er ein gylden moglegheit til å vise seg fram, både for lag, organisasjonar og bedrifter.
– Dette er ein fin arena for bedrifter å marknadsføre seg. Det kjem stadig nye føretak i Tysvær, og dette må jo vere eit ypparleg høve til å vise seg fram, seier Kristiansen.
Arrangementet skal riggast til i Sysco Arena fredagen, før det brakar laus på laurdagen.
For heile familien
Det skal ikkje stå på underhaldning og aktivitetar under årets Tysværdag.
– Det blir mellom anna heldt quiz med flott premiering, som me håper kan engasjere.
– Underhaldninga blir også i år lokalt forankra. FordRekord skal spele minikonsert. Alle korpsa i kommunen kjem, og det blir ymse aktivitetar på dei ulike standane. Kanskje blir det også nokre aktivitetar utandørs om det er bra vêr, fortel Kristiansen.
Ho legg til at Eliasbåten også kjem til å legge turen innom Frakkagjerd denne dagen.
– Det blir mykje liv og røre. Ein kan gå rundt å besøke stands, få med seg underhaldning, aktivitetar og ta seg ein matbit, seier Kristiansen.
I år som i fjor skal Karen Hesseberg fra TV Haugaland vere konferansier gjennom dagen.
I fjor var det mange som påpeika at lydanlegget ikkje var det beste under Tysværdagen, og at det var vanskeleg å høyre kva som blei sagt. Kristiansen lovar betring i år.
– Me har tatt evalueringane frå i fjor med oss, og lyden var noko me fekk mykje tilbakemeldingar på. Der har me gjort betringar i år. Me har bestilt eit skikkeleg lydanlegg og me kan forsikre om at det er god lyd, seier Margareth Kristiansen, som gler seg stort til Tysværdagen om vel to veker.