Her er nyttårstalen til ordførar Sigmund Lier, slik den var i manuskriptet.

Ordførar Sigmund Lier held nyttårstale i Tysværtunet januar 2018. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nyttårstalen til Sigmund Lier

Her er nyttårstalen til ordførar Sigmund Lier, slik den var i manuskriptet.

av Alf-Einar Kvalavåg

Nyttårstale 6.januar 2018
Me har lagt nok eit år bak oss – 2017 viste seg til å bli eit aktivt år med stor aktivitet i kommunen. La oss gå tilbake til januar i fjor – Tysværdagen 2017 viste seg – med med sine over 2000 besøkjande – viste fram all den flotte aktiviteten og det yrande livet som er i kommunen. Den viste oss alle ein stolthet, tilstedeværelse og tilhørighet til kommunen, til eiga bygd, eiga lag og organisasjon, vår felles tilknytning til kommunen vår.

2017 var året med oppstart av nye omsorgsbustadar på Stegaberg og Hamrane, Ny barnehage på Førland og utviding av Fjellhaug friluftsbarnehage. 2017 året der Tysvær tok ein sterkare posisjon i Destinasjonsselskapet vårt – med stor satsing på HimaKånå, fjordtturisme og andre måtar til å invitere turistar og andre til kommunen.

Eit 2017 som i oktober på alvor viste oss at dei ekstra inntektene som me har hatt frå Kårstøanleggene slett ikkje er sikre – sjølv om me rett før Jul fekk ein julepresang verdt mykje gjennom stortingsvedtaket om at staten skal kompensere for tapet.

2017 er og året der kommunen gjennom si digitale framtidsatsing i skulen har gitt I`pad eller PC til kvar elev. Nå set me innsats på å sikre god tilgang på gode internettliner rundt i heile kommunen.

2017 var og året der me opna det topp moderne renseanlegget på Gismarvik – der me stoppar utslepp til tre terskelfjordar, men samlar alt i renseanlegget og fører restane ut forbi terskelen
2017 har vore eit travelt år – ein inspirerande år – men mest av alt eit utviklande år. Gjennom departementet og kommunalministeren sitt vedtak om regionalplan for transport og areal – for øvrig der kommunen fekk gjennomslag for sitt syn– så kan me verkeleg utvikle og leggje til rette for bustadbygging slik at fleire skal vera med å betale på dei fellesutgiftene me har påført oss gjennom den nødvendige VA oppgraderinga.

Eit 2017 som for landbruket har vore særs utfordrande med store nedbørsmengder, våte myrar, ei krise med manglande fòr der mange har måtte kjøpe inn fòr for heile året – for landbrukskommunen Tysvær gir dette utfordringar – eg håpar likevel på betre tider og håpar og trur at landbruket finn løysingar som sikrar godt vestlandslandbruk også med nedbørsrike somrar.

Aktiviteten i næringslivet har tatt seg opp – optimismen er kome tilbake. Flere store kontraktar til Hervik Rør, eit vitne om høg kompetanse og at me har bedrifter som hevdar seg lokalt, regionalt og internasjonalt, Steinsvik Group som stadig leverer av høg kvalitet og standard på heile kloden, Imenco som nyleg vant Casparkontrakt for å nemne nokre.
– stor aktivitet på Haugsneset der mange lokale bedrifter har levert sine tenester
–nye industribygg veks opp i Aksdal næringspark som må utvide og fleire etableringar i emning i Haugaland Næringspark,
– Ja, aktiviteten er stor – Energien er til stede – Tysvær er sentralt med der det skjer – saman med regionen gjennom store og gode samarbeid.

I Nedstrand løftar det seg fram spennande mulighetar – Klatreparken er allereie ein stor suksess, saman med marina og Himakånåsatsing, reiseliv og turisme er ei satsing og eg er godt nøgd med det som vårt Destinasjonselskap får til.

Tysvær går godt! Me er framoverlendte, me vil vekse – me vil utvikle oss. Me planlegg for ei framtid med mindre inntekter. Kommunen har sterkt fokus på arbeidet med å omstille kommunen for framtida – skal noko vera varig må me endre og fornye – noko slikt er det vår gjestetalar i dag ofte fortel om korleis haugaland Kraft har utvikla seg

– Korleis sikre ein kvalitetsmessig skule i 2030? Det skal me finne ut gjennom ein stor skulebruksplan.
–Kor vil folk bu i kommunen? kva behov og krav har morgendagens skular?

Me lev lengre – og godt er det – samstundes vert me fleire eldre, langt fleire eldre enn me som kommune er rigga for å klare å handtere – og for å vera i forkant set me i gong med eit stort utgreiingsarbeid for morgondagens omsorg – dette er spennande arbeid – me ynskjer alle å vera heime lengst mogleg – samstundes må dei som treng det få plass på institusjon. I dette spenningsfeltet her er det me skal bruke tid og ressursar på å finne ut korleis me som kommune skal ta denne oppgåva – ei oppgåve som me ikkje tek lett på.
Digitalisering – kan likevel aldri erstatte den personlege relasjonen – ein datatavle eller I`pad på skulen kan aldri erstatte den stødige læraren som kan klasseleiing som kan relasjon og som ser den enkelte elev sine behov – digitalisering i omsorgstenestene med ulike digitale hjelpemiddel kan aldri erstatte verdien av den varme handa til den tilsette – den personlege nære samtalen – som skjer når pasient og helsepersonell møtes. Me må klare begge deler – me skal klare begge deler – fordi me har dei beste tilsette til å klare nettopp dette – både digitalisering og relasjon og nærhet –
Kommunale tenester handlar om å vera til stades i innbyggarane sine liv – frå vogge til grav. Folk i ulike livssituasjonar. Frå nyttår kan og dei som vil gifta seg borgerleg i kommunen. Det ser me alle fram til og vil leggja til rette for dette på den beste måten, høgtideleg og med gode rammer for den store dagen.
Dei nye omsorgsbustadar på Stølsberg og Stegaberg skal opnast i årsskiftet 2018/2019. Bygginga av dagsenteret er litt forsinka, men ikkje meir enn at det må vera forventningar om at bygginga går i gong i løpet 2018. Nye lokaler for vår uteavdelinga i Teknisk – og Arbeid og Inkludering er under planlegging og byggestart er venta i Aksdal næringspark i løpet av sommaren eller tidleg haust.

Kommunesenteret utviklar seg. Alt ligg til rette no for nytt kjøpesenter og utvikling av Aksdal. Ny sentrumsrundkjøring tek til nå i januar. Det skal og byggast ny kollektivterminal.
Eigarane av Kjøpesenteret har laga eit AS som har som mål å selje seg sjølv for å kunne utviklast. Leilighetskompleks vil kome tett på Aksdal og det blir arbeida med fleire prosjekt. No skjer sentrumsutviklinga.

Folketalsutviklinga i kommunen har stoppa opp grunna manglande tilbod om tomter å bygge på. No kjem Skeidseid og Garhaug følgjer på like etter. På Padlane er ein godt i gong med flotte tomter og me likar den interessa som er vist for Bjørnsvikfeltet. Kommunen sin strategi er å tilby tomter i alle deler av kommunen.
Hovudutviklinga vil uansett vera i aksen frå Garhaug til Vestli med hovudvekt på Aksdal og Frakkagjerd. På Tysværdagen i fjor vart det selt mange tomter – eg håpar at det same vil skje når den går av stabelen på ny 20.januar.

1.april pensjonerer rådmann Vallestad seg. Etter over 10 år i kommunen har han saman med si leiargruppe og kommunestyret snudd økonomien til Tysvær. Han vil bli hugsa for den som tok Tysvær til nye høgder – bli ein meir moderne kommune og med ein sikrare økonomi. Me skal takke han av på skikkeleg vis når påsken nærmar seg. Etter påske skal me ta vel imot vår nye rådmann Sigurd Eikje. Me gler oss til å bli kjent med han og er trygg på at han vil halde fram og la pila peike framover for den flotte kommunen vår.

I åra som kjem må me alle vera budde på endringar – endringar for å klare å halde på det gode tilbodet me har – det gode liv i kommunen. mitt råd er: me må nå finne ut korleis me skal te oss, rigge oss for å klare å vera ein mest mogleg normal inntektskommune.

Eg trur på Regionsarbeid. Skal me bli god må me bli det i lag med alle – la oss heie på våre naboar – la oss heie på kvarandre. Me veit at næringslivet ikkje ser kommunegrenser – skal me sikre oss store etableringar på Haugalandet må det skje i lag – eg trur kommunalt næringssamarbeid er avgjerande for å lukkast!

Kjører me rundt på Haugalandet ser me nå verkeleg resultatet av Haugalandspakken. Eg trur på ein haugalandspakke 2 som tek inn i seg strekningsvise trasear. Tysvær kommune har enno mange vegprosjekt som burde vore utvida og forbetra.

Fortau og gangveg og gatelys er i gong på Stranda. På nyåret startar arbeidet med gang og sykkelveg på Klovning. Slåttevikkrysset er kome med i handlingsprogrammet med byggestart 2022, det er ei tverrpolitisk oppgåve å arbeide dette prosjektet fram i planen som fylket skal vedta i mars, målet må vera gjennomføring i 2020.

På Frakkagjerd veit me no omtrentleg pris på eit planfritt kryss – dette krysset vil vera avgjerande for trafikksikringa av Frakkagjerdvegen – kanskje kommune og fylket kan gjera eit makebyte slik at gamle Høievegen forbi Småje blir kommunal – i såfall med trafikkbegrenisningar dersom Frakkagjerdvegen blir hovudveg til Kallevik og Skeidseid. Det blir også arbeida med planar for ny veg frå Eikeskog til Dragavika – ein vegtrase her vil endre kjøremønsteret og vera ein god avløysing for Frakkagjerdkrysset.

Trasen for ny E39 kjem snart ut på høyring – så blir det spennande å sjå kva tid dette store vegprosjektet blir gjennomført – personleg trur eg det vil gå lang tid i heile lengda – eg håpar derimot og jobbar for at det skal lagast ny firfeltsveg frå Bokn til Mjåsund i samband med at Rogfast opnar i 2026

Det er mange gode interkommunale samarbeid på Haugalandet. Brann IKS er godt i gong – er Drikkevatn neste ut? Drikkevatn er sårbart – har me ikkje reint vatn blir samfunnet slått lett ut – eg trur tida er komen for å greie ut om Ytre Haugalandet vannverk kan realiserast.

Snart startar arbeidet med KVU for nytt fengsel på Haugalandet. Tysvær si haldning er at me har eit stort fengsel i Sandeid – i planarbeidet skal det vurderast ulike tomtealternativ. Dersom Sandeid alternativet skulle falle vil dei to tomtene som er vist fram i Tysvær vera i tråd med dei kriterier som vert sett om sentralitet og nærhet til næring og tettstad – resultatet av KVU`n vil gje resultatet – Tysvær skal heie på det beste alternativet som fagekspertisen løftar fram.

NCEC – Det tysværinitierte energiprogrammet – som no er blitt eit regionalt prosjekt – der Tysvær er prosjektansvarleg. I dette programmet skjer det no spennande ting – me arbeidar med nye etableringar – Haugalandet treng arbeidsplassar – De arbeida med algeoppdrett og andre spennande planar – Det blir jobba tett med fleire aktørar.

Behov for arbeidsplassar gjer at me er tidleg oppe og seint i seng og jobbar for meir vekst og verdiskaping i Tysvær og regionen elles. Derfor jobbes det med landbasert oppdrett i Espevik og i Ramsvika, me håpar og jobbar for hotelletableringa på Borgøy, for Hydrogenproduksjon i Gismarvik – i det heile tatt etableringar som vil skape arbeidsplassar – og i byggetida vil føre til stor verdiskaping.

Eg vil rette ein stor takk til Frivillig sektor – frivillig arbeid – lag og organisasjonar. Tysvær kommune har eit omfattande organisasjonsliv som gir tilbod gjennom veka til liten og stor – det blir lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid, kommunen har eit rikt kulturliv, flotte idrettar, Tusen – tusen takk til alle de som står på for at så mange av oss skal oppleve den gode liv.

Takk til de som gir og står på for andre – takk til de som gjer ein forskjell for andre med den de er – for eit familiemedlem, ein nabo, kjenning eller den framande som du møter på og gjennom samtalen de har gir han ein dag han vil hugse som god og varm –

Eg vil slutte av denne nyttårstalen med å takke varaordførar, formannskap og kommunestyret for godt politisk samarbeid – det me får til saman blir som oftast best – takk til rådmann, rådmannsgruppa og alle våre tilsette – kvar og ein for godt utført arbeid – de gjer ein forskjell for alle tysværbuar.

Stor Takk også til våre nabokommunar, gode samarbeidspartnar i Haugaland Kraft, Karmsund Havn, Haugaland Vekst, Destinasjonselskap, Haugaland Næringspark og Aksdal næringspark, ikkje minst Tysvær næringsforum for umåteleg godt samarbeid. Det er mange som skal til – med sin bit i tannhjulet som gjer at Tysvær staden der det er Godt å leve – kjekt å jobbe – mykje å oppleve!

Eg vil slutte av denne nyttårstalen med eit dikt av Haldis Moren Vesaas:
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
Må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

La oss stå opp for meir solidaritet, inkludering, likestilling og felles velferd.
Igjen – Godt Nytt År!

Sigmund Lier