Sidan starten i 2014 har omsettingskurva gått oppover for Hamnøy AS. Med eit årsresultat på 2,1 millionar kroner i 2016, er det liten tvil om at selskapet gjer det godt.

Jan-Tore Hamnøy har verkeleg fått fart på Hamnøy AS. Foto: Haakon Nordvik

Jaktar på dei rette folka

Sidan starten i 2014 har omsettingskurva gått oppover for Hamnøy AS. Med eit årsresultat på 2,1 millionar kroner i 2016, er det liten tvil om at selskapet gjer det godt.

av Alf-Einar Kvalavåg

– Me er alltid klare til å snu oss rundt, og då blir det kravd høg innsats i alle ledd. Det er ikkje mulig å legge ned så mykje innsats utan at me verkelig trives med det me driv med, seier Jan Tore Hamnøy.
Pengar er ikkje alltid ein garanti for suksess, men når totalomsettinga auka frå 2,57 millionar kroner til 4,4 millionar kroner på eit år så peiker alle piler rett veg.
Hamnøy AS har nå nyleg blitt fire tilsette etter at Bjørg Hildrum Saltveit starta som researcher og marknadsførar i verksemda, som snart flyttar inn i «Løa» på Frakkagjerd.
Men resultata kjem ikkje av seg sjølv i ein marknad kor krav om kompetanse og stå-på-vilje stadig blir tøffare.
– Det blir kravd hardt og godt arbeid over tid. Ein må vere påliteleg og ha god trivsel i kvardagen, seier Hamnøy når me spør om grunnane til at selskapet går godt.

Hovudjegerar
Fleire fagblad og aviser har prøvd å forklare suksessen til Hamnøy AS og felles for dei fleste reportasjane er at ein har hatt eit tydeleg mål og ein litt «annleis» profil enn konkurrentane.
– Me driv ikkje med utleige av bemanning som fleire av våre konkurrentar gjer. Me titulerer oss ofte som hovudjegerar, noko som vil seie at me driv aktiv identifisering og kontakt med potensielle kandidatar, som ikkje i utgangspunktet er aktive jobbsøkarar. I tillegg prøver me å nytte oss av dagens digitale mulegheiter, seier Hamnøy.
Har du eksemplar på det?
– Det betyr mellom anna at me må ha god kompetanse på kommunikasjon og digital annonsering, noko som er svært viktig i dagens rekrutteringsmarknad.
Omlag 75 prosent av kundane er frå Haugalandet og Hamnøy meiner det kan vere stor gevinst i la proffe ta seg av rekrutteringsarbeidet.
– Om me tar oss av den biten kan verksemdene ta seg av det dei er best på. Dermed er det berre vinnarar i prosessen. Å tilsette folk eller å finne dei rette er tidkrevjande. Me har oversikt, kunnskap og me har eit god nettverk. I tillegg kjem som sagt vår kompetanse på marknadsføring, meiner Jan Tore Hamnøy. Då kan bedrifta fokusere på det dei kan best og samtidig oppnå betre rekruttering, seier han.

Framtida
Sjølv om bedrifta i dag er både i vekst og har god økonomi, er det framtida som har fokus.
– Dagens næringsliv utviklar seg i eit høgt tempo, og vår utfordring er heile tida å forsøke å ligge i forkant. Per i dag er me godt rusta til å møte dei utfordringane me veit og trur kjem. Likevel veit me av erfaring at det vil komme utfordringar som me ikkje klarer å sjå i dag. Me gleder oss uansett til framtida, seier Jan Tore Hamnøy.

Kjøp avisa her