Viktige prisar

Ordføraren si nyttårsmottaking er over og tilbake står ei rekkje tysværbuar med fortent heider.

av Alf-Einar Kvalavåg

Når ein i løpet av to timar deler ut prestisjeprisar som «Tysværstatuetten» og «Kulturprisen», så er det høgtid i storsalen.
I tillegg fortente kulturstipend og «Tysværdiplom» til artistar og idrettsutøvarar som set Tysvær på kartet. Aksdal Senterforeining fekk «Næringslivsprisen».
Bjørn M. Apeland frå Steinsvik Group var den som fekk høgast applaus, og som sjølv viste kor mykje ein slik pris har å seie i ein travel kvardag kor kombinasjonen verksemd, profitt og menneske saman speler ei rolle for å lukkast. Det var noko magisk med augeblikket då Apeland fekk helsingar via storskjermen frå heile verda. Det var tydeleg at her var det ein direktør som brydde seg. Å sjå gründeren og den store forretningsmannen løfte ein finger til auga, gjorde inntrykk på dei frammøtte.
For «alle» veit kva Apeland har fått til med verksemda på Frakkagjerd. Han har tatt steget ut i verda, blitt der og lukkast på mange felt. Han har stått fram som ein som har våga der andre har vike. Han har satsa i tider der konkurrentane ikkje klarte seg, og ikkje minst; Han har gitt arbeid til mange gjennom sine idear og stadige påfunn. Arbeidsplassar i Tysvær, men også svært mange andre stader.
Ein ting som er fint med denne prisen er at det ikkje er nokon sjølvfølge at den blir delt ut. Det skal vere verdige kandidatar. Difor er det berre seks som har fått den før Apeland. Tersklen er høg og difor skal dei som får den kjenne på stoltheita over å vere ein eigar av «Higren».
Bjørn Apeland gjer nok det. Han veit kva som skal til. Han veit kor mykje det kostar å bygge fagmiljø, kompetanse, arbeidsplassar og ikkje minst det å legge stein for stein. Så når han blir lurt til Tysværtunet ein vinterdag, når han helst skulle vore heime og «mekka» på sine nye båtar, blir han avslørt på mange måtar.
Avslørt som ein stor leiar, som ein som bryr seg og som viser fram den «store» mannen han verkeleg er. Det er slike som Apeland som gjer Tysvær unikt, som viser at visst søren kan me det her også. Når han tørka ei tåre gir det ringverknadar langt utanfor salen i Tysværtunet. Det viser alle som driv i næringslivet at menneske er den største ressursen. Når ein tør stole på dei, får ein utvikling. Det kan ta tid og det er aldri nokon garanti. Det veit også Apeland. Han har opplevd at store prosjekt har stoppa opp. Han har venta på ei utvikling i Aksdal i snart 20 år. Han står framleis oppreist, og lurt på mottakinga eller ikkje; Han var hjarteleg til stades i Tysværtunet og viste for alle at han er stolt over Steinsvik Group, men også stolt over å vere tysværbu.

Årets Nyttårsmottaking går inn i rekkja av dei vellukka. Kompakt og variert program trygt leia av ordføraren sjølv. Kulturinnslaga passa godt, og når sopran Henrik Hundsnes og vektløftar Zekiye Nyland får kulturstipend viser det bredda me har innan kultur og idrett.
At også 16 ungdommar stolt kunne hente sitt «Tysværdiplom» viser at det også blir jobba godt med neste generasjon.

Nyttårsmottakinga blei på mange måtar ein hyllest til Tysvær anno 2017/18. Det fortene me.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør

Kjøp avisa her