Av Alf-Einar Kvalavåg
– Klart eg gleder meg til det. Etter 30 vellukka show i Bergen har ikkje «Kjellen» tenkt å spare på noko som helst i Tysværtunet. Der skal det serverast kvardagshumor av beste klasse, seier Thomas Ryste.
Og skal ein tolke innhaldet i pressemeldinga er det berre å halde på hatten.
– Klypa ladar kanonane, og sprenger ut eit splitter nytt humorshow. Med Kjell «Kjellen» Bigset i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.
Folkeleg
– Kva er det som er suksessfaktoren her?
– Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har blitt allemannseige landet rundt, og ein sikker vinnar i sosiale media. Det at han klarer å ta tak i det daglege og gjere det artig har vore ein nøkkel. Dette er eit univers svært mange kjenner seg att i. Når dei i salen merker at det er dei det handlar om, ja då ler dei både av og med, seier Ryste, som tidlegare jobba i bank.
Nå er det show på fulltid og suksessen har tatt heilt av.
– Showa dreg fulle hus frå nord til sør, til glede for mange hundre tusen publikummarar. Over heile landet tar folk seg eit lite friminutt og ein god latter når «Kjellen» legg ut nye sprell på nettet.
– Kan du røpe litt av showet?
– I showet «Med Prostata Mot Stjernene» kan publikum gjere seg klar for nye hysteriske augneblikk, med «Kjellen» som dirigent, nyforelska og i sitt livs form. Han er rett og slett «Meeeeget» oppegåande! Det blir full fart i kjent stil frå første sekund. Det skal ikkje vere kvileskjær men ei variert og innhaldsrik oppleving. Etter å halde på med dette i 16-17 år nå begynner karakterar å få ein naturleg plass. Eg har 153.000 følgjarar på Facebook, og dei raskt tilbakemelding om det er noko som ikkje fungerer. Det er aldri to førestillingar som er heilt like, men den raude tråden må me klare å halde oss til, seier Thomas Ryste.
– Så då er det berre å spenne sikkerheitsbelta?
– Det er det ingen tvil om.