Av Alf-Einar Kvalavåg
Du er på sjukehuset og får den nedslåande meldinga om at du har kreft og bare fire-fem år igjen og leve. Verda rasar litt saman rundt deg. Ingrid Quist frå Norheim og nå Haugesund fekk denne beskjeden. På veg heim såg ho ljoset som skulle snu opp ned på alt.
– Eg hugsar det godt den dag i dag. På veg heim stoppa eg opp, såg på utsikten frå bilen og tenkte at så lett gir eg meg ikkje. Eg ville finne fram alt det positive som ein kvar dag treff på, men kanskje ikkje legg merke til. Dei små tinga som saman gjer ein skilnad. Dei små lykkeglimta. Til slutt klarer ein nesten å lure hjernen til å tru på at det bare er positive ting rundt ein, seier Ingrid Quist.
Og ho veit kva ho snakkar om. Kreften kom som eit sjokk, også på henne. For åtte sidan fekk ho dommen. Du har bare nokre år igjen å leve.
– Eg er strengt tatt fire år på overtid av det, men eg har sagt heile tida at det vil komme nye medisinar og nye behandlingsformer, som vil gjere at eg får mange år med livskvalitet. Mannen min Finn, jobbar mykje med dette og mange kjenner han for denne kampen. Akkurat nå når du ringer er eg på Haukeland sjukehus, for nye prøvar. Eg spøker og ler med dei som jobbar her, skal besøke dottera mi om bur nede i vegen her, og prøver som alltid å tenke på kor heldig eg er. Alle dei fine menneska som jobbar her, tilbodet eg får, og ikkje minst tanken på alle dei som bryr seg. Eg har opplevd svarte dagar, men eg leitar alltid etter eit eller anna positivt, seier Quist.
Viktig
– Kor viktig er det å få snakke om sjukdomen?
– Å snakke om kreft er noko dei fleste av oss skuggar unna. Men eg har opplevd svært mykje fint etter desse framsyningane våre. Frå folk eg kjenner, men også frå ukjente. Frå dei som jobbar med helse, til pårørande og andre som takkar for at me fortel. Det gir meg ein energi å høyre slikt. Kan me vere med å gi folk mot til å snakka saman om dette, er mykje oppnådd. For meg er det i alle fall godt når folk snakkar med meg, seier ho.
På Tysværtunet vil ho også fortelle om dei tyngste dagane. Rett frå levra og utan å pynte på verkelegheita. Men det er også ei fortelling om oppturar og tru på det gode.
– Eg trur dei fleste vil ha mykje igjen for å høyre på det me snakkar om. Eg har alltid hatt stor interesse for idrett og trening. Hugsar godt ei dame som fortalte meg etter ei av framsyningane våre, at det eg sa hadde motivert henne. Når eg var sjuk og kunne trene med spybøtta ved sidan av treningssykkelen, så skulle jaggu hu slutte med sin daglege «Japp» og komme i gang med trening. Det var slutt på å synast synd på seg sjølv. Så dette handlar ikkje bare om sjukdom, men å ta tak i seg sjølv, seier Ingrid Quist.
Samtalen
Knut Netland kjent frå mellom anna TV Haugaland er den som snakkar med Ingrid Quist på scena. Han håper at nokre av dei som er i salen tør det same.
– Me merker at det å snakke saman og ha ein dialog absolutt er noko som er viktig. Eg blei kjent med Ingrid gjennom min jobb i fjernsynskanalen, og merka raskt at det å snakke saman hadde ein effekt. For meg, for Ingrid, men også for alle dei som på ein eller annan måte hamnar i ein situasjon der kreft er tema. Og det vil dei aller fleste gjere ein eller annan gong, seier Netland.
Etter «alle» desse samtalane på scena Knut, har du fått forandra syn på kven dette er viktig for?
– Ja, heilt klart. Me som er journalistar snakkar med mange personar om så mangt. Men her såg et at dette var viktig for pårørande, for fagmiljøa, venner og andre. Dette har me fått mange tilbakemeldingar på at folk opplev som positivt, så eg er glad for at me nå skal ha ein ny kveld i Tysværtunet.
– Kor godt kjenner du familien Quist nå?
– Det begynte med intervju på fjernsynet. Så blei det meir eit venskap. I dag så føler eg at eg har fått innpass i heile familien, og me kan snakke ope om det meste. Likevel er det vanskeleg også for meg. Begge veit at dette er ei førestilling utan garanti. Blir ho sjuk eller får tilbakefall, så er det lite eg kan stille opp. Det gjer at eg får ein enorm respekt for det ho klarer. Den optimismen ho har, kampviljen og trua på framtida.
Balanse
På scenen har dei med seg Tysvær Blandakor på to songar. Finn Quist kjem innom og gir ei oppdatering på det han driv med, i kampen for å få betre tilgang på medisin, som kan gi kreftkampen betre vilkår.
– Det er ein balanse mellom å gi av seg sjølv, komme med informasjon og å sette fokus på ein viktig kamp. Me pratar om laust og fast, og Ingrid har sine innslag der ho fortel lengre historier. Eg trur det blir ein kveld med glede og optimisme, knytt saman med kampen for livskvalitet når kreft rammar. Den rammar både enkeltpersonar, men også alle rundt dei, seier Knut Netland.
– Eg ser fram til å komme til Tysværtunet. Det blir ei oppdatering på korleis eg har det nå, og eg veit at mange har sett fleire av framsyningane våre og allereie har sikra seg billettar også denne gongen. Me blir litt som ein storfamilie til slutt, avsluttar Ingrid Quist.