Spørsmåla rundt nytt senter, leilegheiter og andre tilbod aukar i takt med det som blir presentert.
Engasjementet er langt frå på kokepunktet, men har dei siste månadane gått frå lunkent til litt varmare.
Men det er ein ting ved alle planane i Aksdal som er på veg mot det nemnte punktet, og tidvis er forbi, og det kokar over. Det handlar om parkering.
Aksdal er på mange måtar ein stor parkeringsplass. For Aksdal Senter, for kulturhuset, for kyrkja, for tilsette på rådhuset og for alle dei som bur og jobbar i Aksdal. I tillegg er det ein god del som har bilen parkert der, og som tar buss vidare. Til alt dette trengs det parkeringsplassar.
Det er mange plassar, men det er langt frå nok.
I fleire år har både Tysværtunet og Aksdal Senter sagt frå om kor vanskeleg det er på dei mest besøkte dagane. Når det er kurs og konferansar på «Tunet», er det fullt på parkeringsplassen lenge før senteret opnar. Og når fredagshandelen er på topp, er det ikkje plassar til dei som skal gå på konsert. Eller rettare sagt, ikkje til alle. For det er dei siste som er problemet. Dei som må kjøre rundt om i Aksdal og leite etter eit hol å parkere i. Måndag enda ein del av dei oppe på fortauet, i ein hage og på dei merka handikapplassane. Og i denne gruppa blir det stadig fleire.
Me får håpe at den håplause situasjonen på måndag vekka dei som styrer dette for alvor. Nå har det vore nok snakk om utviklinga i Aksdal. Nå må det handling til, og det raskt. Ei parkeringsløysing på trekanttomta mot vest er ikkje berre ei god løysing. Den er nå den einaste løysinga for Aksdal, og det må skje noko fort. Uansett kor mange gravemaskinar og kranar det kjem til Aksdal i framtida, vil parkering henge over politikarane og administrasjonen på rådhuset, som ei klam hand. Ein kan ikkje leve med den lenge, og det er berre ei løysing. Parkeringsplassane må komme, og dei må komme i år.
Nå er det sjølvsagt dei som allereie har skjønt denne utfordringa, men som «sjølvsagt» har støtt på problema med å få gjennomført noko så keisamt som å lage parkeringsplassar.
Nå trur eg ikkje dei kan velje dette bort lenger. Ordførar Sigmund Lier står fram som offensiv og lovar at noko skal skje, kanskje allereie til hausten. Det er for så vidt raskt, men det betyr at det vil være mange «kollisjonar» utover våren og sommaren.
Berre tenk tanken når Lindesnes Trekkspillklubb kjem til Tysværtunet om få veker. Då skal 700 personar, mange av dei har kjørt langt, ut og inn av Tysværtunet, samstundes som den aller beste handelsperioden for heile senteret tar til. I tillegg er dette også ei av dei mest besøkte periodane i symjehallen.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør