Ordførar Sigmund Lier og seksjonssjef i Statens vegvesen Ann Mari Hardeland står for markeringa måndag 29. januar.
Statens vegvesen har skrive kontrakt med Berthelsen & Garpestad. Hovudoppgåva er å bygge ny rundkøyring der E134 og E39 møtast i Aksdal, bygge ny kollektivterminal og innfartsparkering.
– Endeleg er vi i gang. Det er vi veldig glade for, seier prosjektleiar Knut Utaaker i Statens vegvesen.
Entreprenøren sitt tilbod er på 32,9 millionar kroner. Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune.
Alt skal etter planen vere ferdig i mars 2019.