Den evige skuledebatten

Skule er noko som engasjerer dei fleste. Ikkje rart for me har alle ei fortid i eit eller anna klasserom. Dessverre er ein del av klasseromma og tankane for drift framleis slik dei var den gongen då.

Mykje har skjedd i skulen dei siste åra. Krav til lærarar, skuleleiing, bygningar og utstyr har inga ende. Det bankast gjennom forslag og lovar som aldri kjem heilt ut til enden av systemet, hos elevane. Det er rett og slett ikkje muleg. Ein vil så gjerne, men klarer ikkje å halde bakkekontakten.
Me sit igjen med avskilta lærarar, dårlege skulebygg og politikarar som skal innføre nye skuleplanar dei knapt ønsker å ta tak i. Ikkje fordi dei ikkje likar å jobbe med skule og fagplanar, men fordi det er som å svømme motstraums i ei frådande elv. I denne elva er det krav på krav, som er innført i beste meining, men som i sitt mangfald eigentleg gjer det motsette.
Når Tysvær sine folkevalte skal ta fatt på ein ny skulebruksplan så er det er eit stort og vanskeleg arbeid. Kanskje ikkje det rette å ta med seg inn i ein valkamp, men det betyr ikkje at veljarane ikkje kan spørje kva dei tenker. For det er som ordførar Sigmund Lier seier i dagens avis, eit arbeid som går føre seg heile tida.
Det betyr at me bør sjå eit politisk Tysvær som frontar skule i neste valkamp. Då må me få klare svar på korleis dei ser føre seg talet på skular, sentralisering av ein ungdomsskule, og kva tankar dei har om barneskulestrukturen, både i ytre del, og i området knytt til Førland-Grinde-Skjoldastraumen. Det seier seg sjølv at dette er ein del av skulestrukturen som er eit geografisk minefelt.
Men i denne debatten må ein ikkje glømme dei krava som er knytt til undervisninga. Korleis vil den vere om 10-15 år, når eventuelt nye skular står klare. Me ser at digitaliseringa stadig vinn om seg og sakte men sikkert blir ein del av skuleverket. Samstundes ser me at stadig fleire skulelevar i Noreg treng den vaksne i klasserommet. Den som gir dei menneskeleg oppfølging og ser dei i kvardagen. Dei vil aldri kunne erstattast av maskinar.
Lærarane i Noreg har ein kamp pågåande heile tida. Mykje av det fokuset dei burde hatt mot læresituasjonar blir dei tvungne til å bruke for å forsvare sin jobb og sitt fag. Slik kan me ikkje ha det og det må myndigheita skjøne. Å drive skule som business kjem aldri til å fungere, og ein dag må me håpe at nokon skjønar det.
Likevel kokar denne debatten i Tysvær ned til å handle om der ungane våre skal gå på skule – her eller der. Det er geografi som kjem først. Slik har det alltid vore, slik vil det alltid bli.
Det treng ikkje det, men då må me få på plass politikarar som bryr seg om innhaldet i skulen, og ikkje der skulen ligg.
Neste sjanse for det er 2019.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør