Å tru at dei ikkje vil få bruk for ein hjartestartar når ein årleg får tusenar på besøk på ulike arrangement er ein tanke klubben har slutta å tenke. I løpet av 2018 vil det vere tre hjartestartarar tilgjengeleg på klubben sitt etter kvart store område.
– I dag er me glad for at If Trygghetsfond gir oss ein i gåve. Hjartestans kan ramme unge og eldre, og ein tilgjengelig hjartestartar betyr tryggleik for alle som er tilknytta klubben, både utøvarar og publikum, på kamper og treningar, seier dagleg leiar Aud Irene Eikemo.
Denne hjartestartaren skal henge på ein fast plass i klubbhuset, og skal også registrerast på appen over alle hjartestarterane i Noreg. Frå før har ein same type maskin tilgjengeleg i Steinsvik Arena.
– Viktig
– Me får mange gode søknader til Trygghetsfondet, og det er sterk konkurranse om midlane kvar månad. Me har sterkt fokus på hjartestartarar, då me ser det kan bety liv eller død. Hjartestans kan skje kven som helst, og kor som helst. Berre i Noreg blir over 5.000 menneske ramma av hjartestans årleg, seier Emma Elisabeth Vennesland, ass. informasjonsdirektør i If Skadeforsikring, som sitter i juryen i If Trygghetsfond.
– Å ha ein slik tilgjengeleg er godt førebyggande arbeid og me synest det er svært bra at idrettslag nå har eit fokus på dette. Eg reknar med at i ein stor klubb som Stegaberg er det aktivitetar heile tida. Dette er eit prisverdig initiativ, og eg gir frå meg denne med glede, seier Trygve Risnes i Haugaland Forsikringssenter/ If.
– Eg vil som leiar av klubben takke for at det er slike mulegheiter til å få støtte. Ein hjartestartar kostar ein god del pengar, og denne gåva gjer at me kan nytte dei pengane på tilbod til barn og unge. Samstundes vil eg seie at me nå vil prioritere fleire kurs innan skader og helse i klubben. Dette bør inn i årshjulet og skje minst ein gong i året. Ei slik gåve minner oss også på kor små marginar det kan vere mellom liv og død, seier leiar i Stegaberg IL Ole Bugge-Jensen.
If Trygghetsfond er ein del av det skadeførebyggande programmet til If. Frå fondet blei etablert i 2005 og fram til og med 2016, har det komme inn 5.422 søknader om midlar. If har delt ut 7,1 millionar kroner, og støtta 624 lokale tiltak.