Bjarne Vierdal og Skjold jaktar ny leiar før årsmøtet. Er det deg dei er på jakt etter?
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjarne Vierdal er utnevnt til æresmedlem i Skjold IL. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold: – Ein viktig leiarjobb

Bjarne Vierdal har i tre år vore leiar av Skjold IL. Nå takkar han for seg og klubben jaktar ein som vil overta.

– Det har vore tre flotte og spennande år som leiar i ein klubb som stadig utviklar seg. Dessverre går det ikkje for meg å sitte i stillinga lenger. Jobb og familie gjer at eg har sagt at eg gir meg nå. Men for ein som kan kombinere dette bør eit leiarverv i Skjold verkeleg vere noko å få på CV-en. Difor håper me at nokon melder seg før årsmøtet om kort tid, seier Bjarne Vierdal.
Skjold er etter kvart blitt ein lokal storklubb. Anlegg og fleire idrettar krev ein leiar som kan tenke heilskap, og ikkje ein idrett. I tillegg har klubben to tilsette.
– Eg må få seie at eg har utvikla meg som leiar i desse tre åra. Det har vore mykje spennande å ta tak i, og det å sitte i styret saman med alle avdelingsleiarane har vore inspirerande. Det å gjere ein slik samfunnsjobb saman har gitt meg mykje.
– Kven passar til ein slik jobb?
– I utgangspunktet bør det ver ein eller ei som kjenner klubben frå før. All erfaring er god å ha med seg, men det er ikkje slik at om det skulle vere ein nytilflytta i klubben sitt dekningsområde som har erfaring frå liknande og lyst til å starte på toppen, så er ikkje det noko minus. Etter at me fekk dagleg leiar har også leiarrolla i blitt forandra. Men når det er sagt så har ein som leiar økonomi og personalansvar.

Tar tid
– Du seier at det er ein jobb som tar noko tid. Kan du utdjupe det?
– Det er nok litt opp til kvar enkelt om kor mykje tid det tar. Ein som har ein «ryddig» kvardag vil lett kunne organisere oppgåvene slik at det ikkje blir nokon stressfaktor. Nå viser det seg at leiarar i idrettslaga, som er flinke å spele på lag med dei andre som har verv, ikkje får det ein kan kalle umenneskelege arbeidsmengder. Men det viser seg også at ein i ei slik stilling ofte blir motivert til å løfte gode idear vidare. I Skjold er det god takhøgde og alle slepp til. Så for ein som vil hente seg leiarerfaring er dette midt i blinken, seier Vierdal.
Vierdal fortel at klubben har vore i kontakt med ein del kandidatar. Likevel er det ope om nokon takkar ja.
– Det er difor me nå går ut med ei melding både i lokalavisa og på våre nettsider. Eg trur faktisk at det er ein eller annan der ute som har tenkt tanken. Som ser potensiale i dette vervet og som kunne tenkt seg å prøve. Vår jobb blir å trigge han eller ho nok til at dei tar kontakt. Det er også lov å ringe oss og spørje om kva dette går ut på.
Vierdal påpeikar også at det å vere leiar i ein så positiv klubb, med gode verdiar og eit godt omdøme i nærmiljøet er ein statusjobb.
– Heilt klart. Å vere med å leie ein slik klubb er ein jobb som gor utruleg mykje positivt. Og ein treng ikkje vere redd for at me står på staden kvil. Det er utruleg mange spennande oppgåver som ventar i framtida, ei framtid kor lag og foreiningar stadig får eit større samfunnsoppdrag. Det oppdraget skal Skjold ta på alvor og det er difor me har bygd eit solid fundament, med dyktige leiarar, mange tilbod og ikkje minst eit anlegg kor det er stor aktivitet. Den som takkar ja til å bli ny leiar på årsmøtet vil få ein unik moglegheit til å vere med på å utvikle heile nedslagområdet til Skjold IL. Det er både stort og spennande, avsluttar Bjarne Vierdal.