Begge forfattarane kjem ut med nye bøker i vår, og har dei siste to åra vore dei mest leste forfattarane på Tysvær folkebibliotek. Dei har også oppnådd stor popularitet i resten av landet og bøkene deira er omsett til fleire språk. Under bLEST Litteraturfest 7.-11. november skal dei altså komme over dørstokken til nokon i Tysvær.
– Om denne dørstokken er heime hos deg, på hytta, på låven, i partyteltet, båten eller på arbeidsplassen din – det blir opp til deg. Det viktigaste er at du har lyst til å ha Agnes og Geir på besøk og vil opne dørene dine for minst 30 personar. Du treng ikkje å ha stolar til alle for å huse arrangementet. Publikum kan sitte på benkar, krakkar, hagemøbler, på kjøkkenbenken eller på golvet, seier biblioteksjef ved Tysvær folkebibliotek, Lillian Rushfeldt.
Målet er ifølgje biblioteksjefen at «Over dørstokken» skal vere nært og intimt, og på ein stad der det vanlegvis ikkje føregår litterære arrangement.
– Me hjelper deg med det praktiske og betaler honorar til forfattarane, opplyser Rushfeldt.
Stor suksess
Dei siste to åra har «Over dørstokken» -arrangementa under bLEST vore svært populære, og fleire har vore utseld. I fjor besøkte 120 personar Espevik skule, for å høyre på Nina Lykke. 60 billettar blei seld ut, og arrangementet blei derfor sett opp ein gong til same dag. Også andre gongen selde dei alle billettane.
– Det er veldig kjekt å vidareføre arrangement som har vore ein så stor suksess, seier Rushfeldt.
Dei siste to åra har det også vore «Over dørstokken» i Aursland på Våg, i Solbakken i Førresfjorden og i prestegarden på Nedstrand.
Dersom du synst det verkar freistande å få Matre og Tangen på besøk til hausten, kan ein sende nokre ord på e-post til biblioteksjefen om kvifor du vil ha forfattarane over din dørstokk.
– Ein kan også gjerne sende ein e-post om ein er usikker på om du vil søke, eller har spørsmål, seier Rushfeldt.
Om du trur at du må pusse sølvtøy og skrubbe golvet for å ha arrangementet hos deg, kan du berre senke skuldrane.
– Ein må ikkje tørke støv og vaske vindauge. Dette skal vere lågterskel. Me håpar at folk vågar å søke, seier Rushfeldt.
Om det blir fleire en eitt «Over dørstokken» -arrangement er biblioteksjefen førebels usikker på, og seier at dei må sjå på kabalen til slutt om det blir aktuelt å gå over dørstokken fleire stader.