Songane på plata «Songfugl» står fram som spennande brikker eit stort musikalsk puslespel som ein dag blir Tom Roger Aadland si karriere. Foto: Geir Dokken
Songane på plata «Songfugl» står fram som spennande brikker eit stort musikalsk puslespel som ein dag blir Tom Roger Aadland si karriere. Foto: Geir Dokken

Nye brikker i eit puslespel

Songane på plata «Songfugl» står fram som spennande brikker eit stort musikalsk puslespel som ein dag blir Tom Roger Aadland si karriere.

Plata som blir lagt ut for sal 1. mars inneheld både «nytt» og «gammalt» typisk Aadland materiale. Litt meir pop, litt meir spenstig og tidvis litt annleis, men likevel umiskjenneleg frå vikebygdingen.
Orda nytt og gamalt brukast her for å forklare at det både er forventa og litt uventa som dukkar opp i dei ti låtane.
Hits er ikkje noko nytt frå Aadland sin penn eller gitar. Låtane «Vestland, Vestland», «Alle dei i ei» og «Sommaren utan ende» er alle i den kategorien, og blant plata sine aller beste spor. Aadland har laga hits før han, men denne gongen er det ei kanskje enda lettare musikalsk tilpassing. Bandet seglar med, og tekst og melodi passar så godt saman, at ein berre lar seg segle med. Og «segle» er saman med «kjerleiken» det som ein hugsar best frå gjennomspelinga av plata. Dei to orda kjem tydligare og tydlegare fram. Og då er me inne i Aadland si musikalske verd igjen. Det er songar det kan og bør lyttast til. Tekstane spesielt, men også i musikken. For det dukkar stadig opp nye moment, som gjer at lydbildet blir betre og betre for kvar gong.
Etne-artisten Anne Lise Frøkedal dukkar opp som vokalist i ein tett og vakker duett i «Skal eg tilgje», som spor nummer tre. Tøft, og ein vekkar etter dei to mest kjente songane som opnar på plata. For her skal ein følgje med.
«Det vakraste ordet» avsluttar side ein. Ein sugande og stilig song om kjerleiken. Den glir rett over i den meir leikne «Sommaren utan ende», ein opptempo sommarsong, som også fungerer i vintermørket.
Det går slag i slag. Det er velprodusert, lite slinger i valsen og det er trygt og godt. For oss som har følgt Aadland si karriere tett er det eit nytt solid handverk, men eg er meir imponert av fleire av platene han har gitt ut før.
På mi toppliste hamnar den bak både «Rapport frå eit grensehotell» og Dylan tolkinga «Blondt i blondt». Men det var to soleklåre topplater, så det er ingen grunn til å skugge unna denne gongen heller.
Og spørsmålet er som tittelen prøver å vise til, om ikkje dette er nye spennande brikker som i totalen blir eit musikalsk puslespel som ein dag gir oss eit fantastisk bilde av ein fantastisk musikar, komponist og artist.
Min «nye» favoritt er rockelåta «Moskusen på Dovre».

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Songfugl

Tom Roger Aadland
Velvet Recording, Spydeberg ved Lars Voldsdal
Med mellom andre:
Kjetil Steensnæs, gitarar, Sigbjørn Apeland, orgel, Tor Egil Kreken, bass og Erland Dalen, trommer.
10 songar
Utgitt 2018