Tidligere kulturhusleder på Tysværtunet, Anders Netland er en av søkernne til stillingen som kultursjef i Tysvær.
Anders Netland er tilsett som kultursjef i Tysvær.

Anders Netland blir ny kultursjef

Anders Netland (53) blei i dag tilsett som ny kultursjef i Tysvær. Han byrjar i jobben 1. juni.

Han tar over jobben til Ingvar Frøyland, som går av med pensjon 1. april.
– Netland har fantastisk gode skussmål frå jobben som leiar for kulturhusa i Sandnes. Han har hatt den jobben i snart 11 år. Ettersom prosessen med å tilsette skred fram, var det einigheit om at han var den beste kandidaten, seier rådmann Arvid S. Vallestad.
Netland var kulturhusleiar på Tysværtunet frå starten og fram til 2005. Mange i det kulturelle Tysvær har hatt han som favoritt til jobben, og nå har han altså fått den.
– Korleis løyser ein perioden mellom 1. april og 1. juni?
– Idrettskonsulent Geir Stakkestad er Frøyland sin stedfortredar. Han vil overta ein del av jobben. Når det gjeld arrangement og liknande vil kulturavdelingen ta dette slik som vanleg. Me har snakka med Netland, og veit at han nå satsar på vere her den 1. juni, noko me er godt nøgde med.
Anders Netland kjem frå Norheim på fastlands-Karmøy og har i tillegg til jobben i Tysværtunet hatt eit kortare opphald på Festiviteten i Haugesund, før han og familien flytta til Sandnes. Han er også av mange kjent for å ha vore ein pådrivar for koret Aksang i Tysværtunet.