Kultursjef i Tysvær kommune, Ingvar Frøyland ønsker velkommen til å søke om Opplevelseskortet. 
Foto: Mona Terjesen
Kultursjef i Tysvær kommune, Ingvar Frøyland ønsker velkommen til å søke om Opplevelseskortet.

Eit kort fullt av opplevingar

I fjor haust starta kommunen opp tilbodet om «Opplevelseskort». Gjennom kortet kan ein mellom anna sikre seg gratis kino, bading, Babeluba, tur i klatreparken og dyreparken.

Skal ein familie på fem gå på kino så kostar det fort 600-800 kroner. Det er dyrt å spandere på seg aktivitetar, og det er langt frå alle som har råd til det. Det ønsker kommunen å legge til rette for – og hjelpe. Eit av dei positive tiltaka som Tysvær kommune har innført, og som fleire kanskje burde kjenne til, er Opplevelseskortet…
– Det er eit flott tilbod som me håper at mange vil få glede av. Ein får gratis adgang på kino, bading, Avanti, Høgt & Lavt-klatreparken, Haugaland Zoo, Babeluba, Karmsund folkemuseum og Grindafjord camping, seier kultursjef Ingvar Frøyland, og viser oss kortet.
Ein får ulike mengde klipp til aktivitetane, som ein kan fordele gjennom året.

Stort tiltak
I fjor vedtok politikarane handlingsplanen «Eg vil og vera med…». Ein plan for å inkludere ungar i Tysvær-familiar med låg inntekt. Som ein del av handlingsplanen blei Opplevelseskortet tatt med i ei prøveordning i 2017-2020.
Det er over 50 kommunar i Norge som har innført Opplevelseskortet, Haugesund og Karmøy er blant desse. Ordninga går ut på at ungar i utvalte familiar får eit kort som gir barnet og ein venn eller følge tilgang til ulike aktivitetar – utan å måtte betale for det, eller til redusert pris.
Tysvær har lagt opp til å kunne dele ut kortet til mellom 20 og 60 ungar i året, og det gjeld for dei mellom 6 og 15 år.
– Me har berre delt ut fem kort så langt og har mange fleire å gå på. Dei som tenker at dette kan vere gjeldande for dei, kan søke gjennom servicetorget i kommunen, seier Frøyland.

Fakta

– Opplevelseskortet er eit samarbeid mellom NAV, kommunane og private aktørar

– Opplevelseskortet er ein organisasjon med Ann-Kristin Bekkevoll som leiar

– Tysvær Kulturkontor finn fram til aktivitetsopplegg som Opplevelseskortet gjeld for

– Dei som ønsker kortet, må søke på eit eige søknadsskjema til Tysvær kommune