Eit viktig signal

Tysvær Bygdeblad held sin posisjon med gode opplagstal. Ein liten nedgang frå året før kan me leve godt med. Det er det som skjer bak opplagstala, som fortel om me er liv laga.

av Alf-Einar Kvalavåg

Der kjem du inn, du som har betalt for denne avisa. Du som i mine auge er i den eksklusive klubben som heiter abonnentar. Du som kvar torsdag får ei avis i postkassa, og som samstundes har fri tilgang til alt på nett.
Det er deg me kvar einaste dag lager avis for. Det er deg me sel annonser for å oppdatere. Når me grev djupt i urett eller jublar saman med fotballfolket, er det ikkje oss sjølv me tenker på. Det er deg.
Det kan sjå ut som om det generelle fallet for papiravisene nå har stansa litt opp. «Nettfolket» er framleis i vekst, men me får stadig fleire og fleire tilbakemeldingar om at nyheiter, kultur og sport framleis gjer seg best på papir. Me ser at vekslinga mellom dei kjappe nettsakene, og dei meir utfyllande papirsakene stadig når nye lesargrupper. Slik skal det vere også hos oss.
I motsett ende finn ein dei såkalla gratispassasjerane, som er ein direkte trussel mot mangfaldet som er i dag. Det er dei som seier at dei klarer seg fint med det dei finn på nettet gratis. Ofte ukritisk til det som blir servert. Greitt nok. Dei har tatt eit val. Å få tilgang til aviser gratis vil i framtida bli vanskelegare. Me meiner det er mykje kjekkare å legge til rette eit godt tilbod til våre faste abonnentar via +saker, enn å gi vekk gratis. Slik er det nå, og slik vil det bli meir av i framtida.
Samstundes som lesartala våre er stabile er også tala i rekneskapen vår i stadig pluss og gode. Me er i dag seks tilsette som har eit realistisk forhold til vår drift. Me bruker ikkje pengar me ikkje har, og me har ingen visjon om å bli eit stor mediehus. Når me på generalforsamlinga i mars kan legge fram nesten ein halv million kroner i overskot før skatt, så viser det at modellen med dagens Tysvær Bygdeblad er sunn.
Det betyr ikkje at me ikkje har planar om utvikling. Men den utviklinga må komme i takt med det våre leserar treng for å halde seg oppdatert der dei bur. Eg trur du som lesar allereie i år vil merke ei utvikling, som me satsar på skal toppe seg mot valet i 2019.
Tysvær Bygdeblad lovar å stå på for deg. Skal me også i framtida vere ein viktig del av kvardagen må me på mange måtar, og innan mange felt spele på lag.
Difor er det svært viktig at flest muleg er med i den rette «klubben» – den som heiter abonnentar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør