Elevar frå Tysværvåg barne - og ungdomsskule kosar seg på Voss. Foto TBU
Elevar frå Tysværvåg barne - og ungdomsskule kosar seg på Voss. Foto TBU

Ein magisk dag i bakken

Elevane frå skulen i Tysværvåg tok saman med lærarane sjansen og reiste på skileirskule på Voss. Det har dei ikkje trega på. Dei har det kanonbra og helsar heim.

Etter at elevar frå Frakkagjerd ungdomsskule måtte avbryte sin leirskule på grunn av oppkast og eit smittsamt virus, måtte rektor Geir Dybdal, på Tysværvåg, gå eit par ekstra rundar før han gav klarsignal til sine elevar. Han sa ja, og nå ser ein at det var eit rett og svært suksessfullt val.
Her er ei melding frå Voss:
– Her kjem ei lita helsing frå elevar og lærarar, som er på leirskule på Voss. Me koser oss i ein fillehaug. Alle friske og glade. Me har hatt ein magisk dag i bakken – melder litt meir overskya i morgon, men det skal bli eit nytt avsnitt frå skileireventyret pao Voss. Dette er MESTRING og SAMHOLD.