Forskar Cecilie Gjerde og teikneserieskapar Øystein Runde fenga barna då dei fortalde og viste teikningar om forsking og stamcelle. Foto: Bjørg Rørtveit
Forskar Cecilie Gjerde og teikneserieskapar Øystein Runde fenga barna då dei fortalde og viste teikningar om forsking og stamcelle. Foto: Bjørg Rørtveit

Forsking for alle

Forskar Cecilie Gjerde og teikneserieskapar Øystein Runde gjorde tema stamcelle og forsking morosamt for barna under «forskings-show» på biblioteket.

Av Bjørg Rørtveit

Laurdag 10.mars var over 70 små og store samla i biblioteket til eit spennande familiearrangement der den prislønna og lokale forskaren Cecilie Gjerde frå Vikedal snakka om stamcelle og forsking saman med teikneserieskapar Øystein Runde. Ein skulle tru at eit slikt emne ikkje var det enklaste å formidle til barn, men desse to gjorde det leikande lett!

Meistermøte
Utgangspunktet for «forskings-showet» var boka «Stamceller- kroppens superheltar», som dei to har laga saman. Ei bok som på ein unik måte formidlar forskingsstoff slik at det er morosamt og lett tilgjengelig for alle aldersgrupper. Cecilie Gjerde, som i 2015 vant Forsker Grand Prix, er i dag stipendiat ved Universitetet i Bergen, der ho mellom anna forskar på korleis stamcelle kan brukast til å lage ny beinmasse. Ho syns det er fantastisk at barn via boka vert nysgjerrige på denne kunnskapen, og reiser derfor gjerne rundt for å inspirere dei til sjølve å forske og lære nye ting om kroppen.
Øystein Runde på si side hadde bestemt seg for å skape ein teikneserie om stamcelle, og då han under research trefte Cecilie gjorde han henne like godt til superhelten i boka! Meistermøtet mellom teikning og forsking i biblioteket vart ei kjekk moglegheit for barn og vaksne til å oppleve og lære noko nytt og interessant saman.