Klokka 17.05 skriv politiet i Sør-Vest på Twitter at brannvesenet melder at det har vore brann i ein carport, og at brannen er sløkt og under kontroll.
Ein kvinneleg bebuar er tatt med til legevakt etter å ha innhalert noko røyk under sløkking av brann, opplyser politiet.
Det blei gjort undersøkingar på staden om ein terrassevarmar kan ha forårsaka brannen. Det er mindre skadar på kledning.
Sak oppretta, melder politiet.