Siste kveld med gjengen

Arvid S. Vallestad og Ingvar Frøyland er i ferd med å skrive seg ut av «gjesteboka» i Tysvær kommune.

To likanes karar som begge har gjort ein formidabel jobb for sin arbeidsgivar over mange år. Frøyland er den som har vore der lengst, og som gjennom sitt utrettelege arbeid for kulturlivet, har blitt mr. kultur i Tysvær, om han likar det eller ei. Vallestad den som gjennom mange kontroversar har styrt skuta frå minustal til plusstal, og som i sitt renommé for alltid vil vere ein av dei som fekk folk til å vere stolte, sjølv i dei mørkaste utfordringar, og i dei mest utfordrande økonomiske stunder.
Det er i alle fall slik det kjennest ut når me nå skal seie takk for nå, og lukke til vidare som pensjonistar. I kveld blir det middag og festtalar. Sikkert ein og annan i salen som berre er glad til, men akkurat denne duoen har gjennom mange år fått seg ein stor tilhengarskare i Tysvær.
Ingvar Frøyland vil for alltid vere eit kulturikon for meg. Ikkje fordi han han har henta dei store artistane, eller opna dei store kultursalar, men fordi han har hatt denne utrulege evna til å få så mange store, og små, til å bry seg om å skape eit bredt kulturlandskap i kommunen. Eg skal innrømme at eg har tenkt mitt der namnet Frøyland har dukka opp i diverse meir tvilsame prosjekt, men jammen har han ikkje klart å lande det meste. Hans fantastiske evne til å få folk til å våge, ville, og ikkje minst tru, har gitt oss store og små kulturopplevingar i ei årrekkje. Så vil han kanskje seie at han ikkje hadde klart det utan dei flotte folka han har jobba med. Vel, eg snur det og seier at dei hadde ikkje klart å skape alt dette utan ein leiar av ein slik kapasitet.
Arvid S. Vallestad kom til Tysvær i ei litt uroleg tid kor det heilt klart var rom for å gjere grep. Spesielt når ein ser tilbake på kommunen sin økonomi er det ikkje å ta hardt i når ein seier at det var utfordringar. Men det har vore mykje anna. Dei ti-tolv siste åra har vore urolige på mange måtar. Det er blitt stilt krav til administrasjonen frå både tilsette og politikarar. Det har vore tidvis frustrasjon over ting som ikkje har fungert, men som det er blitt tatt tak i. For oss i lokalavisa har Vallestad vore både ein me har kunne vere kritisk mot, men samstundes kunne ha som sparringspartnar i vanskelege saker. Han har skjønt kva jobb og rolle han har, og det har aldri vore den private Arvid Ståle eg eller me har gått laus på, eller støtta oss på. Det har på mange måtar gjort oss begge betre gjennom desse åra.
For det er ingen tvil om at jobben som rådmann også er jobben med å fronte kommunen. Slik ein ordførar gjer, må også ein rådmann tåle å stå i stormen den eine dagen, for å sole seg i solskinet den neste.
Nå gir dei seg altså begge to. Kva tid blir dei glømt? Slik er det nå ein gong for alt. Vel, det blir neppe satt opp statuer på Hertevigsplass, men Frøylandssalen er allereie på plass i kulturhuset. To store menn i Tysvær si historie har rydda pulten og gitt plass til nye krefter.
Godt jobba begge to, og lukke til vidare.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør