Tysværbuen Emilie Blikra vann gullmedalje i VM i drill saman med troppen til Romerike drillkorps på Lillehammer i påska.

Emilie Blikra stråler med pokalen etter at ho saman med troppen til Romerike drillkorps stakk av med førsteplassen i VM i Twirling (drill). Foto: Privat

Gjekk heilt til topps i VM

Tysværbuen Emilie Blikra vann gullmedalje i VM i drill saman med troppen til Romerike drillkorps på Lillehammer i påska.

av Ingvild Rørtveit Myklebust

Ho er tidlegare drillar i Førre og Frakkagjerd drill.
Mange hundre deltakarar konkurrerte i Håkons Hall på Lillehammer 29. mars til 1. april. 
USA var den store favoritten, og dei stilte mannsterke med 135 deltakarar. Norge hadde 72 deltakara i konkurransen. Norge tok til saman tre gullmedaljar i VM i drill på heimebane.