– Er me klar?

Snart kjem turistane strøymande inn over Haugalandet. Med bil, båt og buss. Slik dei alltid har gjort, men det er nye tider. Det er meir snakk om turistar, og det er meir pengar i dei.

– Er me klare til å ta imot, er det store spørsmålet.
Å tene pengar på turisme handlar om infrastruktur. Om å ha turistmåla tilgjengelege, og i den stand som turistar forventar. I vår kommune er det mykje å oppleve, men to mål skil seg ut. «Himakånå» på Nedstrand og Arquebus krigshistoriske museum i Førre. Begge to i utgangspunktet perfekt som tilgjengelege destinasjonar for opplevingshungrige turistar.
For å begynne i Førre. Museet som i ei årrekkje har hausta ros for sitt innhald og kvalitet har allereie eit stort publikum. Som nabo ser eg folk på døra heile året. Stadig fleire, og stadig oftare. Men det er låst det meste av året. Spørsmålet er om det er på tide å tenke på eit samarbeid for å forlenge opningstidene, og å gjere det flotte museet meir tilgjengeleg. Men det kostar pengar, og spørsmålet blir på sikt om ein har råd til å la vere.
«Himakånå» er snakkisen denne vinteren og våren. Turen til toppen har allereie vist seg å vere ein magnet for turfolket. Og det ser ikkje ut til at 2018 blir nokon nedtur. Tusenvis har allereie vore på toppen, og signert i gjesteboka. Fleire har stilt spørsmål om bygda er klar. Om kommunen er klar. Som vanleg blir det brukt store og flotte ord, men står handlinga i stil med dette.
Vel, det er delte meiningar om dette. Dei mest positive ser berre mulegheiter, medan dei som har begge beina planta godt på bakken stiller ein del spørsmål om bygda er klar til eit større innrykk enn det dei hadde i fjor.
Me får håpe det blir noko midt mellom, at turmålet blir det flaggskipet for turismen i kommunen som me treng. At det kan bli eit lokomotiv for andre kulturmål, turmål og feriestadar i Tysvær.
Det er ingen tvil om at turisme er framtidas næring, og den må og vil me vere ein del av. Me har to store knaggar klare, og ei rekkje med små turistmål på lur. Skal turistane komme og opne lommeboka må dette opp og fram.
Det er ein jobb alle må vere med på.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør