Dei passar på oss…

Den kjende lokalpolitikaren Svein Terje Brekke var innom og fortalte om eit plutseleg hjarteinfarkt i påska. I løpet av stunda han var innom hagla det med ros til norsk helsevesen.

Det var så mange plussar at eg reint glømte å spørje korleis det gjekk med han.
På nytt har det blitt redda liv. På nytt har me sett ambulanse-og helikoptertenesta fungere 100 prosent i Tysvær. Det er ikkje første gong, og garantert ikkje den siste.
Opplevinga å ligge der hjelpelaus og måtte stole på at andre skal redde deg. Minuttane som går, og som kjennest ut som år. Folk rundt deg som ringer, og held på for at du skal få hjelp.
Me er heldige. Av og til går det for sakte, eller det er ingenting å gjere. Slik er det dessverre, men det er i Noreg likevel eit system som sikrar oss når ting går gale. Om det er på ein fotballbane som sist veke, eller i heimen til ein lokalpolitikar.
Sjølv om me kan skryte av dei som jobbar innan akutt helseteneste, så er det også ein skilnad å gjere på «heimebane». Dei første minuttane er viktige. Veit ein naudnummeret? Kan ein grunnleggande hjarte- og lungeredning i heimen, eller i idrettslaget?
Og så det «verste»… Er det mobildekning der du bur?
Vel, det siste er faktisk meir alvorleg enn ein ofte kjem på. I Tysvær er det framleis mange som ikkje har mobildekning dei kan stole på. Det er kjekt å snakke om utbyggingar både her og der, men det faktum at folk som berre bur få kilometer frå kommunesentrum ikkje har mobildekning er skuffande. Det handlar om politisk vegring, og det handlar om nettleverandørar som berre tel kroner og øre.
Nå veit eg ikkje om familien Brekke hadde dekning denne morgonen, eller om dei måtte springe bortover vegen slik ein av naboane måtte gjere, då han skulle ringe etter hjelp. Brekke bur berre eit par kilometer i luftlinje frå kommunestyresalen, kor han er representant.
Og det er fleire slike stader i Tysvær i 2018. Kor ein trur ein er sikker og har dekning, berre for å få seg eit sjokk når ein opnar mobilen.
Me er prisgitt eit system, som sjølv har kjempa seg fram. Fasttelefonen har tapt for mobilen og mobilnettet. «Alle» er på, men er dei eigentleg det?
I situasjonar kor ein treng hjelp kan det vere skilnaden mellom liv og død. Heilt ufatteleg, men likevel eit faktum.
Helse-Noreg har levert på øvste nivå igjen, og me applauderer. Samstundes får me meldingar frå folk som bur rundt oss i Tysvær om at dei måtte ha tatt beina fatt, for å få dekning på mobilen.
Me får håpe dei som styrer får dei same meldingane.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør