Og sjølv om folk flest ikkje akkurat tar til gatene og feirar, så ser det ut til at det kan skje noko dei neste åra. For når lokalpolitikarar går ut og fortel i opne møter at store interessentar står klar til å bygge ut for milliardar i Aksdal, så veit dei meir enn dei vil fortelle, eller så har dei eit reknestykke som ikkje går opp.
Og nå når dei nye planane er på plass, og utviklinga kan ta til når som helst, hadde det vore svært kjekt om ein eller annan på rådhuset kunne sett opp eit reknestykke for kor mykje Tysvær kommune har tenkt å bruke på å utvikle sentrum.
Det er summar mange har spurt etter. For som det klokeleg kom frå ein av medlemmene i formannskapet denne veka, konsulentane har vel fått sitt nå.
Det er spesielt to spørsmål det er vanskeleg å finne svar på i kommunen sine offentlege rekneskap og budsjett.
– Kva har Aksdalsutviklinga kosta til nå?
– Og kor mykje har Tysvær kommune tenk å bidra med i den vidare utviklinga?
Til nå er det ingen som har svart på dette. Kanskje fordi ingen har spurt, eller kanskje fordi det ikkje er så kjekt å snakke om. Vel, nå blir det spurt.
Eg evner ikkje å finne desse tala, så enten er eg ikkje god nok til å leite, eller så er det nokon som er flinke til å pakke desse inn slik at ein ikkje finn dei.
Grunnen til at eg spør akkurat nå?
Som mange kjenner til så skal teknisk avdeling og uteseksjonen til Tysvær kommune flyttast ned til nye og praktiske lokale i næringsparken. På høg tid, og vel verd alle pengane ei slik stor flytting kostar. Samstundes skal det me alle kjenner som «Vepro» også med på flyttelasset. Ut av dårlege, og lite eigna lokale på Frakkagjerd til eit nytt liv i Aksdal Næringspark.
Eller… Slik me tolkar utspel frå mellom anna teknisk sjef blir dette for dyrt og kanskje ikkje aktuelt.
Da blir det fristande å spørje deg ordfører Sigmund Lier: – Blir det verkeleg det?
Så er det denne diskusjonen med legane som skal inn i «Albatrossenteret».
Korleis går det med tilbodet som dei takka nei til. Er det blitt betre (les lågare)?, eller er det blitt dårlegare (les dyrare)?
Når eg høyrer og les om helsehuset i Aksdal er det stadig ei meir snikande kjensle av at dette blir eit stort og dyrt prosjekt for Tysvær kommune. Det kan vere på sin plass, men det hadde vore interessant å vite summen kommunen ønskjer å plassere i dette «private» prosjektet.
Ingen stiller spørsmål om det kostar å bygge ein by, for det gjer det. Me lurer på kor mykje?
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør