Dan Jørgen Eide er frontmann og vokalist i Bokn & Havresekkane.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dan Jørgen Eide er frontmann og vokalist i Bokn & Havresekkane.

– Me skal ta det heilt ned

Nye låtar, meir dempa stil, men den same gamle gjengen. I morgon kjem Øyvind Bokn til lunsjkonsert med havresekkane sine.

Det er på ein måte mykje nytt dei har med seg til Tysværtunet i morgon ved lunsjtider. Men i botn ligg framleis dei gamle rockerane og murrar. Likevel, denne gongen er det annleis det meste.
– Me har jobba fram ein del nye låtar etter at me fekk ny gitarist i fjor haust. Erling Halsne har vore med og sett sitt stempel på bandet. Det er «oss», ingen tvil om det, men denne gongen blir det mykje meir akustisk og nedpå enn det folk er vant til frå oss. Mellom anna har me henta fram «ståbass» og kassagitarar. Det har gitt dei gamle låtane eit nytt liv, samstundes som det heile blir pakka inn på ein ny spennande måte, seier Øyvind Bokn og Dan Jørgen Eide.

– Koser oss
Bokn & Havresekkane har opplevd mykje kjekt etter at me blei kjend med dei sist dei spelte lunsjkonsert. Midtsommarfest-speling, diverse konsertar og mykje øving i øvebingen i Aksdal har gitt dei lysta på meir.
– Me har hatt eit par fantastiske kveldar på Flytten i Haugesund. Så fekk me vist oss fram under nyttårsmottakinga. Likevel ser me at me må ha fleire bein å stå på, difor bruker me tid både på nye låtar og på å mikse stilartane me har på konsertane. Litt for alle, med andre ord, og me kosar oss, seier dei to.
– Korleis er det å få tid til å øve. Det er ein travel gjeng dette?
– Det er heilt sant. Tid er den største utfordringa. Difor er det nå prioritet nummer ein å få til eit fast øvingslokale kor utstyret kan stå klart når me kjem. Me trur me skal klare å få til noko, smiler dei lurt.

Tid er den største utfordringa

Viktig
I morgon får me altså høyre kva Bokn og gjengen har øvd på dei siste månadane.
– Kva betyr lunsjkonserten for dykk?
– For det første er det heilt fantastisk at det er eit slikt tilbod i Tysvær. Det trur eg alle som driv med musikk tenker. At me får ein ny sjanse på scenen der er heilt fantastisk og viktig for oss. Nå kan me vise oss fram, som sagt på ein litt ny måte, og kanskje få inspirasjon og muligheiter for fleire jobbar. Me håper sjølvsagt at mange kan ta seg eit friminutt og stikke innom. Det hadde vore stas.
– Kva er det me skal få høyre om denne gongen?
– Ja, kva er det da Bokn?
– Det er vel det vanlege. Om livet, kjerleiken og alt det der. Sett frå ein 40-åring sin ståstad i verda, svarar trommeslagaren.
– Det var faktisk fleire som meinte at songane fekk ei heilt anna betyding når me spelte dei akustisk. Det same tenkte eg. Det er sjølvsagt litt meir utfordrande også for meg som vokalist, men dette skal me klare. Når det er litt meir lågmælt så er det også lettare å lytte til tekstane, seier vokalist Eide.
– Og tekstane toler å bli tydlegare?
– Faktisk ja. Er vel ein song me har bytta ut ei linje i, men det var meir språkbruken enn at det ikkje let seg høyre på. Nei, det var overraskande bra det me hadde på lur, ler dei to 40-åringane.
Bokn & Havresekkane er Øyvind Bokn på trommer, Ola Christian Bårdsen på tangentar og Yngve Askeland på bass. Nykommar Erling Halsne speler gitar, medan Dan Jørgen Eide er frontmann og vokalist
– Erling var med oss på nyttårsmottakinga, så heilt ny er han ikkje. Me hadde også ein fantastisk kveld på Flytten for kort tid sidan, så Halsne, som er ein bergensar busett i Førre, er blitt ein del av oss allereie.
– Kva trur bandet om å få spelt inn nokre av songane?
– Det kjem nok, men til no har me ikkje hatt den mulegheita. Det som har vore viktig for oss er å få øvd saman, spele konsertar og ha det kjekt. Så får me sjå. Ein dag så kjem det nok ut noko, avsluttar morgondagens lunsjmusikantar.
Konserten i foajeen i Tysværtunet er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet. Konsertstart er som vanleg 11.30 og heilt gratis.