Matvarekrig, mot kven?

– Endeleg blir det matvarekrig i Tysvær. Sitatet er henta frå torget i Aksdal Senter denne veka.

Frå ein person eg neppe trur er nokon storkunde, verken her eller der. Men engasjert var han, for i Bygdebladet hadde han fått med seg at Rema 1000 var på veg til Frakkagjerd. Og i den same saken sto det at dei også ville til Aksdal.
Uansett kor kjøpesterk denne lesaren vår er så er det ingen tvil om at matvarebutikkar er noko som fenger folk. Det har vore ein dårleg skjult hemmelegheit at Rema har planar på Sterling-tomta på Frakkagjerd. Dei siste ti åra har ein vel snust på kvar ei tomt som har vore å oppdrive i bygda, på jakt etter noko som kunne utviklast til matvarebutikk av ein eller annan sort.
Coop vann 1. runde i den krigen då dei etablerte seg der for to år sidan. I år kan dei omsette for 100 millionar kroner. Då skjønar ein kvifor det er ein kamp der ute. Talet på unge og eldre som har fått seg arbeid i butikken nærmar seg også tresifra allereie. Ungdommar som treng arbeidstrening, og kontantar. Som jobbar både helger og seine kveldar. Slike jobbar er utruleg viktige for ein kommune som Tysvær.
200 meter lengre nede ligg Spar. Ein institusjon på Frakkagjerd med kjøtdisken til Lundal. Treffstad for ungdommar på veg til og frå skulen. Også her har ungdommar hatt sine første arbeidstimar, fått kunnskap i både varedetaljar og økonomi. Det er som sagt eit viktig element i totalbilde av butikkrigen.
For det er ein krig. Spørsmålet er kven ein krigar mot. Nå viser regnskapstala både til Spar på Frakkagjerd, og hos Meny i Aksdal at Coop Extra har etablert seg. Men det er ikkje alt. Tysværbuen har begynt å droppe Raglamyr. Handelslekkasjen til Haugesund har i alle år vore eit tema. Kor mykje det er i kroner og øre til nå, har me ikkje fått oppdaterte tal på, men blant folk flest er det ingen tvil.
– Nå slepp me bommen, og kan handle lokalt.
Det vil alltid vere eit spørsmål om kor mange matetableringar eit lite område som Frakkagjerd-Aksdal vil tole. Det som er status per mai i 2018 er at me har kvalitetsbutikkar som folk likar å handle i. Meny i Aksdal har vore, og er framleis flaggskipet med sin ferskvareavdeling folk frå heile Haugalandet kjem til. Spar på Frakkagjerd har gjennom sin tradisjon, og sitt samarbeid med Lundal AS, møtt dei fleste utfordringar. Coop Extra er eit eventyr, og nå skal desse tre ut på nye eventyr. Mot Rema-gruppen og andre aktørar som ventar på grønt lys.
Så er Haugesund åtvara. Nå har matvarekjedane sett at det er god butikk å etablere seg i Tysvær, og med den entusiasmen det ligg i å drive butikk, så er dette ei utvikling som vil halde fram.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør