17. maifeiring for alle

Nå nærmar den store dagen seg. 17. mai bornas og Noreg sin store dag. Me håpar på fint ver og at alle kosar seg med is, pølser og brus.

- Lesarinnegg

Borna synes at denne dagen er ein av dei beste. Kanskje berre julaftan kan måle seg. Ofte eller altfor sjeldan? prøver me på måtehold og anstendig kalorinivå, men denne dagen får mange melding om at borna kan ete så mykje is dei vil. Det hugsar eg frå min eigen barndom at var stor stas. Det var i dei tider me fekk graut med sukker og kanel på laurdagen og ei appelsin som godteri klokka 6.
Eg har vore på 17. mai feiring her i kommunen i mange år og det er alltid koseleg. Men ein ting har slått meg at kanskje det er nokon som ikkje kjem for å feire Noregs fødselsdag. Det kan me moglegvis gjere noko med. Eg oppfordrar alle til å tenkje på nabolaget sitt, folk dei kjenner eller veit om eller andre som ikkje plar vere med på den lokale 17. mai feiringa. Inviter med dei som ikkje har ungar i krinsen eller barnebarn som går i toget. Inviter med innvandrarar som kanskje ikkje tenkjer seg nok integrerte til å feire dagen eller som av andre grunnar ikkje plar å ta turen. Ta med dei som ikkje er gode til beins eller dei som me veit om ikkje kjem. Det er valfritt å feire dagen sjølvsagt men kanskje dei set pris på ein invitasjon uansett.
Medan eg skreiv dette blei eg gjort merksam på at innhaldet ikkje berre gjeld for denne dagen. Det er vel så viktig i det daglege at me inkluderar og tenkjer på alle rundt oss. Så la dette bli ei oppfordring til at me alle tar omsyn og bryr oss – alltid.
For me er alle stolt av å bu i dette flotte landet og bruk denne dagen og alle andre dagar til å kose deg og vise omsut og vere open for alle.

PS: Naboane har allereie spurd leigebuaren sin Anwar frå Etiopia om han vil bli med å feire dagen og å gå i toget saman med oss.

GOD 17. MAI

Ståle Berge, Aksdal