Meir enn eit flagg

8. mai er kanskje den viktigaste dagen i året å ta seg ein timeout, og tenke på kor heldige me er i landet vårt.

av Alf-Einar Kvalavåg

Frigjeringsdagen etter 2. verdskrig er blitt symbolet på den fridomen me alle er så gald i. 17. mai bli berre ein dessert.
Tysvær kan skryte av å huse eit av landets beste, og mest oppdaterte krigsmuseum. Arquebus er noko ein trekk fram så ofte ein kan. I festtalar, og når turisme skal marknadsførast i Tysvær. Gjengen som har bygd opp museet gjennom fleire tiår fortener kvart eit rosande ord dei kan få. Ein rundtur i museet burde vore ein del av årshjulet til alle som bur i kommunen. Det er lærerikt, og det er ei påminning om korleis det ein gong var, då det slett ikkje var fritt.
For mange betyr Arquebus endå litt meir. Dei er krigsveteranar, mange også frå oppdrag i moderne tider. Som Nato-soldatar i Libanon, og andre stadar der norske soldatar har gjort ein stor innsats. For dei er stadar som museet i Førresfjorden mykje meir enn ei samling av gjenstandar. Det er ein stad kor ein kan reflektere, minnast og ikkje minst vere stolt.
Difor var det mange som tok kontakt med oss på tysdag. For det mangla flagg på den viktigaste flaggstanga i Tysvær kommune. Ord som trist, skam og skandale gjekk igjen i meldingar, og telefonsamtalar. Det var korte, men svært beskrivande meldingar me fekk.
– Det er ikkje Arquebus sin feil, men Tysvær kommune sin, tordna ein veteran som kunne fortelle at kommunen hadde tatt ansvar for flaggheisinga ved museet, etter gjentatte klagar på manglande flagging.
Detaljar i den avtalen har me dessverre ikkje fått innsyn i, men dette er eit nytt døme på korleis me i Noreg står litt med lua i handa når det gjeld å markere dei «viktige» dagane i året.
Hadde dette vore i andre Nato-land hadde det vore meir enn eitt flagg, som hadde blitt heist på ein slik stad, på ein frigjeringsdag. Det burde sjølvsagt vore ei flaggborg. Det burde vore korps, veteranar og ungar.
– Før var det slik, seier vår veteran. Då kom det ned ungar frå skulen. Nå var det eit lite knippe menneske der, og la ned ein krans.
8. mai er eit symbol på noko av det me alle set aller høgast, nemleg fridom. Flaggstanga er symbolet på det norske flagget er suverent, og kan vaie fritt i vinden. Det betyr heilt klart meir for nokre, enn for andre. Men det betyr likevel svært mykje for oss alle saman. Det må me aldri gløyme i ein kvardag kor rasisme, menneskeverd og nasjonalisme på nytt har frammarsj.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør