Lene Premak Ljøkjel og Tore Ljøkjel kjem til Nedstrand  søndag for å halde konsert og spele frå kyrkjetårnet. 
Foto: Privat
Stine Rødne Hettervik har drive med motorcross i 11 år. Til helga skal ho trikse framfor tusenvis av tilskodarar på Ullevål. Foto: Kalis FotoBilde2: Tysværjenta trivst svært godt med å drive med motorsport, og roser det gode miljøet ho er del av. Foto: Kalis Foto

Ro, refleksjon og nærvær

Tore Ljøkjel har besøkt over 60 forskjellige kyrkjetårn i Norge. Til helga kjem saxofontonane til å flyte frå kyrkjetårnet i Nedstrand kyrkje, og fylle Hinderåvåg med sjelfull musikk.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Saksofonisten speler både frå kyrkjetårnet og i kyrkjerommet i høve Nedstrand kyrkje sitt 150-årsjubileum på søndag. Det blir spelt frå tårnet før og etter jubileumsgudstenesta, og om kvelden held Ljøkjel konsert saman med kona Lene Premak Ljøkjel, som skal synge. – Eg trur dette blir ein veldig spesiell dag. Tonane ligg i lufta medan båtar kjem roande mot kyrkja før jubileumsgudstenesta, seier Tore Ljøkjel som gler seg til å komme til Nedstrand. Sentrum for livshistorie
Han meiner at når noko skal markerast, som eit kyrkjejubileum, kan det vekke både gode og vonde minne hos folk. Ljøkjel seier at han gjennom musikken ønskjer å formidle at i alle dei 150 åra kyrkja har stått der den står, har den romma veldig mange livshistorier.

– Kanskje har ein vore i ei gravferd i kyrkja som ein minnest, høyrt ord som har såra, eller hatt ei konfirmasjonstid som var god eller dårleg. Målet med musikken min er ikkje å få applaus eller å underhalde. Alle har si historie og eg ønskjer at tonane skal røre og gi håp, trøyst og ikkje minst den djupe gleda, seier saksofonisten og legg til:
– Kyrkja er ein talarstol, og eit hjarte i både by og bygd. Det er med stor respekt at eg får gå på den talarstolen kyrkjetårnet er, og formidle musikk ut over bygda, seier Ljøkjel.
Når saksofonisten skal spele i tårnet på Nedstrand set han opp fire høgtalarar i alle himmelretningar, slik at musikken kan høyrast på lang avstand.

Salmar, gospel og ny musikk
For 16 år sidan banka Tore Ljøkjel på døra hos domprosten i Kristiansand og spurte om han kunne få spele i kyrkjetårnet i Domkyrkja. Det fekk han, og sidan då har han spelt i nesten 70 kyrkjetårn i heile Norge, og kvar førjulstid har 48-åringen hatt konsertar frå Kristiansand sitt Domkyrkjetårn.
– I den tida kjente eg at eg trengte og gå opp i tårnet for å gå ned til kvardagen, seier Ljøkjel.
Nå reiser han rundt som musikar på heiltid. Ljøkjel kjøpte sin første saxofon for konfirmasjonspengane, og fortel at han har opplevd ein fridom ved å vere fri frå noter. Han er sjølvlært, og fortel at saxofonen for han har vore ein måte å halde fokus i ein stressa kvardag.

Ljøkjel har hatt konsertar i kyrkjetårn og kyrkjerom, på landskonferansar, i gravferder, bryllaup og har spelt for NRK på mellom anna Hurtigrutas «minutt for minutt».
Tore er gift med Lene Premak Ljøkjel, og dei to har utvikla eit eige konsept for kyrkjerommet, med saxofon, tekst og vokal. Tekstane er det Lene sjølv som har skrive.
– Eg vil at versa eg har skrive skal vere ei overrasking, men eg kan seie at eg har sett på kva tittelen for jubileet er, i tru, håp og kjærleik, og laga noko ut i frå det, fortel Lene Premak Ljøkjel.
– Korleis er det å jobbe saman som ektefeller?
– Det er spennande. Det er mykje spenning rundt ein konsert, og det er godt å vite kvar ein har kvarandre. Det er veldig givande, og eg håpar at somme blir trefte av det me formidlar, seier Premak Ljøkjel.
Repertoaret denne dagen består av kjenslege melodiar, eigen-og nykomponert musikk, salmar og gospeljazz. Mange av melodiane er frå CD-ane til Tore Ljøkjel.
– Det er spennande å tenke på at fleire av folketonane og salmane me bruker denne dagen blei brukt for 150 år sidan også, påpeiker han.
Ekteparet Ljøkjel meiner sjølve at konserten deira passer for alle, både unge, gamle og alle midt i mellom.