Rett mann, på rett plass

Denne veka fekk me vite at leiar ev teknisk utval, Terje Knoff (H) har søkt permisjon for å leie ein vedlikehaldsstans ved Eqvinor sitt anlegg på Melkøya i Hammerfest. Utan tvil rett mann på rett plass etter 22 år i Statoil-systemet.

Men «vårt» problem er at Knoff også var rett mann på rett stad i teknisk utval. Han var den som raskt tok førarsetet i dette viktige utvalet. Han markerte seg i viktige saker, og hans rutinerte leiarstil fekk utvalet til å jobbe godt saman for fellesskapet sitt beste.
Terje Knoff er eit eksempel på at dei beste leiarane i privat næringsliv også kan vere ein ressurs for «folk flest», gjennom si teneste i kommunestyret, og som medlem av diverse utval.
Me som har følgt med i kjølvatnet av sakspapira til Knoff ser at han har ein stil som jaktar på løysingar. Der andre ser reglar og «veggen», løfter han blikket, og vil få til noko. Ikkje for å framheve seg sjølv, sjølv om «hardingen» i han kanskje vil det. Han har gjennom eit langt arbeidsliv med tøffe krav til suksess, sett at ein må snu kvar stein om ein skal lukkast. Desse krava, og desse måla har ein også i den politiske kvardagen.
Knoff bur på Frakkagjerd, men har vore ein politikar for heile Tysvær. Han har kjempa for hyttefolket, og han har kjempa for at bustadutviklinga i kommunen skal vere framtidsretta, og motiverande for folkevekst. Difor har Skeiseid stått høgt på lista. Ei av utvalet sine sterke sider er at gjennom godt samarbeid har dei brukt tid på å sette seg inn i saker. Dei har vore på synfaring, og dei har tatt sine avgjersler. Ikkje alltid slik Knoff har ønska, men i eit demokratisk utval, så har han sett både tap og sigrar komme og gå.
Likevel er den sterkaste sida til Terje Knoff som lokalpolitikar at han tør seie frå når han meiner det er gjort urett. Av ein eller annan grunn tenkjer eg på Alexander Søderlund når eg intervjuar han. Knoff pakkar ikkje inn saker i bomull når det er gjort urett, går galt, eller han ikkje er eining. Der er han lik «Søder». Han tør seie det som han meiner er rett, og logisk, og har ikkje nokon paragrafryttar i seg. Svake politikarar må ty til paragrafar når dei ikkje har tid, eller kunnskap til å sette seg inn i vanskelege saker.
Likevel. Tysvær kommune kjem til å klare seg utan Terje Knoff. Slik er verda. Men ein sak kjem likevel til å henge på veggen min. Saka om grillhytta på Nappatjørn. I verdsamanheng ein liten parentes. Men dette handlar om frivillige innbyggarar som jobbar på kveldstid med å legge til rette for barn og unge. Som gjer feil, og får svi. Terje Knoff måtte som leiar informere om at dei fekk 35.000 i bot. Samstundes gjorde han det klinkande klart at han menite det var fullstendig feil. Å straffe nokon for slikt var heilt på jordet, paragrafar eller ikkje. Slike tydelege og ærlege politikarar vil me ha, også etter neste val, sjølv om Terje Knoff ikkje står på listene.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør