– På grunn av høgt vassforbruk greier me ikkje å fylle høgdebassenga våre, og me innfører derfor vatningsforbod i heile kommunen, skriv kommunen på sine heimesider.
Vatningsforbodet er midlertidig, og gjeld vatning med slange og spederar. Vatning med vannkanne vil vere lovleg.
Tysvær kommune oppmodar samstundes alle til å unngå unødvendig bruk av vatn.