Mange naut ein is eller noko kaldt å drikke under dei store trea på Tveit då det var Open Gard på søndag. Foto: Ingvild R. Myklebust
Mange naut ein is eller noko kaldt å drikke under dei store trea på Tveit då det var Open Gard på søndag. Foto: Ingvild R. Myklebust

Heitt og kjekt på Tveit!

Is og brus fekk bein å gå på då Open Gard blei arrangert i fantastisk sommarvêr på Tveit søndag. Store og små koste seg med hesteskyss, fuglekassesnikring og traktorkøyring.

Open Gard er blitt ein fast tradisjon på Nedstrand, og mange kjem frå fjern og nær for å oppleve litt gardsliv på nært hald. Sauer, geiter, griser og hestar var noko av det dei besøkande fekk kike på. Ein kunne også få kjøpe seg blomar, frukttre og anna, samt snikre seg eigen fuglekasse. Gråtass var på plass i år også, og demonstrerte korleis ein slår graset.

Hesteskyssen var som vanleg eit trekkplaster.

Les meir i papirutgåva på torsdag!