Tor Egil Mæland frå Skjoldastraumen i Porsche
Tor Egil Mæland frå Skjoldastraumen stiller i Porsche.

Bilcrossfest for nesten 100 i Vikedal

Til helga er det klart for høgdepunktet i sesongen for bilcrossførerane, todagarscrossen i Vikedal.

I år blir det ekstra spennande etter at Ernst Holten Leifsen og nokre andre rallycrossførerar drog i gong ei Facebook-gruppe der dei har hissa kvarandre opp gjennom vinteren. Det har dratt fleire med, slik at deltakarantalet no er rett under 100 totalt i tre klassar, bilcross, bilcross junior og bilcross damer. At løpet er kvalifisering til Landsfinalane for junior og senior, og tredje runde i Vestlandsmesterskapet, hjelper og på deltakarantalet.
NMK Vikedal støttar opp med ekstra store pokalar til seierspallane. I tillegg har initiativtakerane lova premie til den finaste bilcrossbilen utan å sei noko om kva det er. Komiteen som skal avgjera dette er topp hemmeleg, slik at ein unngår problemer med smisking med karameller, Crispo eller sterkare saker.

Kven som er favorittar av dagens aktive bilcrossførerar eller tidligare aktive er ikkje godt å seie. Det er heller ikkje alle av dei tidlegare aktive som har hatt så lang pause. Lars Reidar Frøyland frå Tysværvåg kjørte rallycross i fjor, men har overlatt bilen til sonen i år. Sjølv stiller han til start i todagarscrossen med ein Toyota Starlet med Ford-motor. Initiativtakar Ernst Holten Leifsen frå Vikedal stiller med ein BMW Compact med Volvo-motor, Glenn Olav Lothe frå Ølen med ein oppfriska Opel Kadett, Vidar Miljeteig frå Ølen med Saab, Tor Egil Mæland frå Skjoldastraumen i Porsche, Knut Olav Skaar frå Stord i Volvo, Rudi Andres Rossland frå Osterøy i Toyota Corolla osv.
At bilcross er ein familiesport viser familiane Østbø frå Ølen og Lutsi frå Oltedal. Superveteranen Per-Gaute Østbø, som har kjørt aktivt kvart år unntatt eitt sidan starten i Vikedal i 1983, stiller saman med sønnene Sigbjørn og Sølve. Han kjem i ein Toyota Starlet, medan Sigbjørn og Sølve kjører Golf. I klubbmesterskapet i fjor haust gjekk Sølve til topps framfor Per-Gaute, medan Sigbjørn tok sjetteplass etter tekniske problemer i finalen. Dermed bør dei nok alle reknast blant favorittane.
Ernst Roald Lutsi frå Oltedal var med og dominerte bilcrossen i starten på 80-talet, men har kjørt mindre dei seinare åra. Etterpå var det først eldstesonen Ørjan som herja, men helst i rallycross. Dei siste åra er og tvillingane Tina og Eivind blitt aktive. Denne helga stiller alle fire i same klasse, sannsynlegvis for første gong. Ernst Roald og Tina kjem i VW Golf, og Ørjan og Eivind i Volvo.

I Vestlandsmesterskapet er det Marius Havre, NMK Bergen, som leiar med 39 poeng etter to andreplassar i dei to første rundane. Oliver Andrè Matre, NMK Vikedal og Fitjar, ligg like bak med 38 poeng etter fjerde- og førsteplass. Neste Vikedal-førar i samandraget er Sølve Østbø på femteplass med 23 poeng og Sigbjørn Østbø med 22 poeng på sjetteplass.

I juniorklassen er det Ailin Vik frå NMK Vikedal og Fitjar som leiar med 37 poeng etter fjerdeplass i Bergen og seier i Vikedal sist. Jakob Hansen og Thomas Tofting, begge NMK Bergen, følgjer på dei neste plassane med 32 og 31 poeng. Tor Steine, NMK Vikedal og Suldalsosen, deltok ikkje i Bergen, men tok tredjeplassen i Vikedal og ligg på åttandeplass. Mikal Byrkjedal Finnvik, NMK Vikedal og Hebnes, kom på plassen bak Steine i Vikedal og ligg på ellevteplass i Vestlandsmesterskapet.
Denne gongen vert det eigen dameklasse. 7 av dei påmelde jentene stiller i dameklassen. Heidi Steine frå NMK Vikedal og Suldalsosen, er nok favoritt her saman med Lene Holmebakken frå NMK Egersund og Tjelta. Kanskje kan Heidi få konkurranse av dottera, Susanne Øygarden, og me skal og sjå opp for Kristina Sætre frå NMK Vikedal og Fitjar. Ho er tilbake etter eit års morspermisjon og har nok mål om ei betre plassering enn sambuaren, Oliver Andrè Matre.

Det er varsla fortsatt flott sommarvær til helga, så dermed blir det nok folksamt og god stemning heile helga gjennom på Vikedal Motorbane.

for NMK Vikedal
Svein Erik Østbø