Rydd opp, og det nå

Barnevernet i Tysvær er i hardt vêr igjen. Det er støy, klager, tapte saker og politikarar på jakt.

Det er ein rådmann som må stå rakrygga og forsvare ein teneste som er under konstant press, der det malast berre med fargane svart og kvitt. Det er eit tenesteområde der det sjeldan er nokon som ikkje har ei meining. Nå også stadig fleire journalistar.
For det må ein ryddejobb til, og den må starte nå. Det må brukast kraftig skyts for å «røyke» ut det som ikkje fungerer, og gis betre plass til det som er til barnas beste. Slik er det også i Tysvær.
Me veit, etter å ha snakka med fleire, at det er tilsette som gjer alt dei kan for barnas beste, og som stiller opp for å hjelpe. Dei hamnar fullstendig i skuggen av dei som ikkje gjer jobben sin. I eit barnevern så kan ikkje dei sistnemnte få halde på. Så brutalt, og så enkelt bør det vere.
At politikarane nå er på banen er flott. Men samstundes kan me ikkje ha eit politisk hylekor som berre skrik, men ikkje viser handlingskraft. Det blei tinga eksperthjelp utanfrå til å vurdere stoa i Tysvær barnevern. Bra tiltak, men det skal bli interessant å sjå om dei set tyngde bak eventuelle avvik. For i kulissane summar eit anna hylekor. Det som kjem frå folk flest. I det koret er det ei rekkje personar det hadde vore lurt å lytte til. Sjølvsagt finnest det dei som berre hyler også, slik er det rundt alle barnevern i landet. Men å utelate dei som har noko å melde vil vere svært alvorleg.
Den jobben må administrasjonen ta seg av. Rådmannen er nøydt til å sette ned ei gruppe, også internt, som tør å gå gjennom rutinar. Det gjeld korleis barnevernet i Tysvær blir drifta, korleis dei står fram utad, kva støtte dei har i administrasjonen, og korleis dei handsamar all den støyen som nå er, og som kjem.
For det er ikkje slutt nå. Presset og støyen rundt barnevernstenesta kjem til å halde seg lenge, og det er vanskeleg å sjå korleis ein skal komme seg ut av dette bråket, utan at det blir gjort grep. Og då snakkar ein om større grep. For det verkar svært så klart at det er noko som ikkje fungerer. Og i ein slik teneste, som er til barnas beste, kan det ikkje vere rom for så mange fleire feil. Ikkje i Tysvær, ikkje på Haugalandet og ikkje i Noreg.
Det må dei som styrer ta tak i. Og det nå.
Rådmann Sigurd Eikje har ei sentral rolle her, og eg meiner ein skal vere forsiktig med å gå i strupen på han, før han får tatt tak i alle sider ved barnevernstenesta. Han har solid erfaring frå Karmøy kommune, og var svært tydeleg då me snakka med han. Dette er noko han skal ta på alvor, og det er noko han skal ta tak i nå.
Å seie ifrå er ein rett me har i eit demokrati. Me er også nøydt til å stole på dei som styrer. Me får håpe dei som har desse posisjonane i Tysvær nå lyttar, tar tak og gjer grep som er både til barna, og barnevernet sitt beste. Me må, som me har sagt før, ha eit barnevern som fungerer.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør