Det var mange som ville teste ut løypene på Frakkagjerd i fjor. Her er dei yngste i farta.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det var mange som ville teste ut løypene på Frakkagjerd i fjor. Her er dei yngste i farta.

Håper på ny joggefest

Laurdag 16. juni blir det nok en gong joggefest på Frakkagjerd. Tysværtrimmen er joggerane sin festdag.

To nye løyper i fantastisk natur lokka mosjonistar på alle nivå til Midtsommarfesten i fjor. Målet var å komme seg til Frakkagjerd stadion raskast muleg. Nå er arrangøren Stegaberg IL klar til ny festdag.
– Me var berre nøydt til å ta i bruk den nye traseen rundt Aksdalsvatnet, og det har me hausta mykje ros for. Det er utruleg mange som bruker denne løypa nå, både til jogging og turgåing. Difor er me svært nøgde med å ha klart å inkludere dette området i det me framleis må kalle «nye» Tysværtrimmen, seier Hans Tore Stensen, leiar i løpskomiteen til Stegaberg IL.
Det blei etter omlegginga for to år sidan gjort grep som gjer at den tradisjonelle femkilometeren går mest muleg på grus.
– Det var samstundes viktig for oss at den framleis skulle vere fem kilometer, og det har me klart. Dermed fekk deltakerane ein viss mulegheit til å sjekke tida si opp mot personlege rekordar i den gamle traseen, smiler Stensen.

To løp
Det betyr at den tradisjonelle «Tysværtrimmen» framleis er ei fem kilometer lang rundløype som startar ved idrettsanlegget, går ut mot Dragavika, svingar inn i den nye traseen og går tilbake til klubbhuset. Fem lettsprungne kilometer skal ein tru ekspertane.
– Den er heilt perfekt for mosjonistar på alle nivå, seier Hans Tore Stensen.
I tillegg kan dei som vil ha ei litt større utfordring teste seg i den nye 12,5 kilometer lange løypa som går rundt Aksdalsvatnet, som fleire fekk prøvd ut i fjor.
Før løpa blir det oppvarming med Friskis & Svettis. Det bør ein få med seg.

Meir for barn
I fjor blei det også presentert nye alternativ for dei yngre utøvarane. Oskar Amdal er ein kjent og kjær mosjonist i klubben, og mange sprang løpet kalla Oskar Amdalsprinten på 1,4 kilometer.
– Dette er også ein trasé mange allereie bruker, og som er godt skilta i skogen mellom klubbhuset og Nappatjørn. I tillegg har me som vanleg løp inne på banen for dei aller yngste. Me vil at dette skal vere ein dag for heile familien, og då treng me slike korte løp, medan me ventar på dei vaksne, seier Stensen.
I dei yngste klassane får alle medalje.

Turklasse
I år er det også lagt opp til ein heilt ny turklasse som går i løypa rundt Aksdalsvatnet. Dei går også heile runden på 12,5 kilometer. Den er for absolutt alle.
–Me ønsker å inkludere absolutt alle. Dette er eit slikt tilbod, seier Stensen.

Fest og moro
Alle kan ikkje springe. Nokon må heie også. Difor skjer det mykje på stadion under heile arrangementet. Det kan lønne seg å vere tidleg ute, for på anlegget blir det både god mat, Frakkagjerd Skolemusikkkorps, og skikkeleg DJ.
– Me skal spele musikk som får folk i godt humør, og som gjer at dei kosar seg. DJ-en skal også spele musikk til dei som varmar opp. Den jobben er det DJ Nathaniel frå Avanti ungdomsklubb som tar seg av.
Det er eit ønske frå arrangøren at dette skal vere ein familiefest, der heile familien kan vere med.
– Me ønsker å vere ein del av Midtsommarfesten, og difor flytter me ikkje arrangementet berre for å få fleire deltakarar. Me vil at det skal vere eit familiearrangement og ein trygg arena for de aller yngste også..
Og for å få skikkeleg liv har ein altså hyra inn «proffe» oppvarmerar frå Friskis & Svettis. Dei skal få fart på beina til dei aller fleste vil eg tru.
På grunn av omlegging til kunstgras på grusbanen på Frakkagjerd er det viktig at ein møter i god tid, og nyttar seg av dei merka parkeringsplassane.

Tysværtrimmen/Aksdalsvatnet rundt

Laurdag 16. juni:
11:00 – Barneløp 400m (0-6 år) Registrering ved inngang til
løpebanen fra kl. 10.30. Premiering direkte ved målgang.
11:30 – Oskar Amdal Sprinten 1,4 km (7-11 år) Premiering11:45.
12:00 – Aksdalvannet rundt 12,5 km, (premiering kl 13.15).
12:15 – 5 km, (premiering kl. 13.15).
13:15 – Felles premiering av 5-km, deretter 12,5 km og bakkespurt
Premiering ferdig ca.13.30
Turklasse – starte mellom 10 og 11.30
Ingen tidtaking, premiering på startnr.
Oppvarming ved Friskis & Svettis, DJ Nathaniel
(Avanti) og Frakkagjerd skolekorps underholder.
SunnCafe serverer varm og kald mat. Arr. Stegaberg IL