Visst søren går det ann

Det har vore ein del triste og tunge saker i lokalavisene dei siste vekene. Difor kjente me det gjorde litt ekstra godt då saka som du finn på side tre, dukka opp denne veka.

Den kjem neppe med i boka når kommunen skal feire sine 100 år, eller i festtalen til ordføraren på neste nyttårsmottaking. Men kanskje den burde det.
For historia er så enkel og så genial at dei som står bak fortener å bli hylla av lokalavisa si. Det handlar om gjenbruk og sløsing. Eller det å unngå sløsing.
Barnehagen på Hamrane er historie. Det same er uteområdet. Leikeapparat til ein verdi av mange hundre tusen kroner kunne fort ha hamna i ein container med adresse Toraneset.
Det ville ikkje Elisabeth Førland og Ørjan Østhus la skje sånn utan vidare. Dei meinte dei burde flyttast 300 meter opp til barneskulen der skulen er fin, men leikeapparata utslitte.
Ikkje for å vere ein grinete 53-åring, men hadde dei spurt meg så hadde eg tippa at dei ville fått nei, då dette skulle undersøkast på rådhuset.
Heldigvis tok eg feil. For det Østhus fekk oppleve var ei rekkje med ja-menneske, som alle meinte det var ein strålande idé. Dermed fører me Jon Gunnar Vikingstad, John-Fredrik Rognsvaag og Geir Stakkestad opp på lista over kommunalt leiande tilsette, som ser verdiar i gjenbruk, og ikkje minst i engasjerte tilsette med gode idear.
For å få jobben gjort fekk dei hjelp av ein ny ja-mann, Svein Arthur Bådsvik, som disponerer gravemaskin. Og lista stoppar ikkje der. For å bli ferdige trengst det hjelp frå FAU. Der var det først ja frå Ann Elin Strømø, og så frå Vegar Fagerland.
Så kjem det som fekk oss til å hoppe litt i stolen. Verdien på denne gode ideen er omlag ein halv million kroner. Som nå er spart, og elevane kan juble over ei oppgradering. Det same bør Tysvær kommune.
Det er ein vanvitig sum som viser at ja, uteområde kostar pengar, og ja, det er viktig å ta vare på ting.
Ringverknadane til den ideen som Førland og Østhus kom opp med bør også sende ut eit signal til mange andre i det kast og bruk samfunnet me lever i. Eg er ganske så sikker på at det er ingen av brukerane på Frakkagjerd skole som nå vil sukke over å få brukt utstyr. Nei, eg trur miljøbevisste ungar jublar. Og så trur eg økonomisk bevisste vaksne gjer det same. Både på rådhuset og på Frakkagjerd skole.
Det er berre å finne fram tommel opp for ja-gjengen og seie hyll-hyll.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør